Seniorsenteret Husnes kjem!

Publisert av Kristian Hus

13. november 2020

Fredag den 13. vart ein gla’dag for Seniorsenteret etter at Kvinnherad Breiband har bestemt seg for å kjøpa 1. etasje i bygget. Roald Teigen frå seniorgruppa (t.v.), driftsleiar Daniel Wangensten i Kvinnherad Breiband, Otto Blokhus og Kristian Hus frå seniorgruppa, Leif Helge Østebø og Roald Urnes frå Engelsen Bygg, dagleg leiar Gunnhild Nilsen Hillestad og planleggjar Edmund Tofte frå Kvinnherad Breiband. (Foto: Marius Nissestad/Grenda).

No er det endeleg bestemt; Seniorsenteret skal byggjast! Det er klart etter at styret i Kvinnherad Breiband AS har vedteke å kjøpa heile første plan i bygget, totalt ca 670 kvm. 

– Dette var ei kjekk melding å få fredag den 13., seier styreleiar Ellinor Rein i Husnes Vekst. Ho meiner etableringa er med og styrkjer regionsenteret på fleire måtar.

At KBand no har bestemt seg for å flytta til Husnes når leigekontrakten deira i Dimmelsvik går ut 31. desember neste år, var også ein utløysande faktor for at Engelsen Bygg AS bestemte seg endeleg for å setja i gang prosjektet. Avtalen med det kommunale breibandselskapet var nemleg ei viktig brikke i høve til økonomien i prosjektet.

Straks over jul vil entreprenøren setja i gang arbeidet på tomta.

Strategisk plassert

Dagleg leiar Gunnhild Nilsen Hillestad i Kvinnherad Breiband seier at det er heile totalpakken som gjer at seniorsenteret vil passa så godt for selskapet. Dei har fleire spesielle behov, som dei no får dekka ved å skreddarsy eigne lokale. Dessutan ligg nybygget veldig bra til med tanke på infrastruktur.

På fredag den 13., som altså blei ein gla’dag for prosjektgruppa, kunne Nilsen Hillestad fortelja at dei gler seg til nybygget, og ser med spenning fram til å kunna flytta til Husnes ved juletider neste år.

Utbyggjaren, Engelsen Bygg AS, har gjort avtale med Husnes Storsenter om leige av eit kontor- og utstillingslokale. Der skal det innreiast ein mini-leilighet, der kjøparane blant anna får sjå ulike løysingar for bad og kjøken og anna som høyrer til i ei moderne leilighet. Her vil ein også kunna treffa representantar for dei ulike fagområda og diskutera løysingar utifrå den enkelte sine behov og ønskje. Også Kvinnherad Breiband vil vera representerte her og visa heimesentral med internett og TV-boks (Telia) med fjernsyn, som ein komplett installasjon.

Prosjektgruppa er glade for at nettopp Kvinnherad Breiband vil etablera seg i seniorsenteret. Slik dei ser det, vil det vera eit stort pluss for alle bebuarane å ha ei slik verksemd på første plan. Å ha fagleg ekspertise på internett og TV under same tak, representerer eit stort pluss for heile prosjektet.

Siste artiklar

Lenker for deg som er ny på Husnes

Lenker for deg som er ny på Husnes

Som nyinnflytta er det mange ting å setja seg inn i. I denne artikkelen har vi samla litt lenker som kan hjelpa deg litt på vegen.

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Husnes Utvikling har sendt eit lesarbrev til avisene i regionen med eit forslag til korleis ein kan ordna med innkorting av ferjesambandet til Stord.