Ny veg vil utløysa 40 dekar byggjeland

Publisert av Kristian Hus

11. august 2020

Lonavegen (sjå pil) skal forlengjast inn i det regulerte området. (Foto: Daniel Morso)

Kvinnherad kommune er no i gang med å planleggja ei forlengjing av Lonavegen på Husnes, i tråd med eit kommunestyrevedtak for eit par år sidan. Arbeidet kan ta til allereie i år, melder Kvinnheringen.

Tiltaket vil utløysa bortimot 40 dekar byggjeland i området vest for Panorama Senter. Planen er å lysa ut prosjektet til hausten. I første omgang handlar det om bygging av ny veg inn til det aktuelle tomteområdet.

Sektorleiar for teknikk og miljø i Kvinnherad kommune, Sigbjørn Øye, har tidlegare uttalt til avisa at kommunen ser på bygginga av den nye vegen i samanheng med ei større vegbygging rundt Husnes som regionsenter.

– No har Husnes fått fleire, flotte andletsløft med mellom anna ny Opsangerveg og nye Aksen, og det er på høg tid at også Sentrumsvegen og det mykje omtala Lonabrotskrysset får ei oppgradering, seier Øye til avisa.

Les heile saka i Kvinnheringen

Siste artiklar

Folkepub på Husnes

Folkepub på Husnes

Sola skin og det er heldigvis ikkje alle som vurderer å starte opp krig, men vel i staden å fokusere på samling i godt lag. Vi har blitt spurt om å...

Synfaring – Familiepark

Synfaring – Familiepark

I dag var det ein kort synfaring med Byggservice og Husnes Utvikling. Det blir vidare jobba tett med kommunen og andre involverte partar. Vi ser...

Lys i parken

Lys i parken

I går vart paviljongen pynta med lys og i ettermiddag var det dei store lyslenkene langs vatnet sin tur. Til tross for Amy sine herjingar tidlegare...