Ferjene må tilbake til Sunde!

Publisert av Kristian Hus

18. juni 2019

Sambandet Sunde – Jektevik vil ha betre regularitet i uvêrsperiodar, sidan det ligg meir innaskjers, meiner styret i Husnes Vekst.
Sambandet Sunde – Jektevik vil ha betre regularitet i uvêrsperiodar, sidan det ligg meir innaskjers, meiner styret i Husnes Vekst.

Styret i Husnes Vekst oppmodar ordførarane og kommunestyra i Kvinnherad og Stord om ta initiativ til ny trasé over fjorden, og etablera Sunde og Jektevik som ferjestader i sambandet Kvinnherad – E39 Stord. 

– Etter at regjeringa nyleg vedtok å innfri bompengelånet for Halsnøytunnelen, kan samferdslekartet teiknast på nytt for å få ned reisetida mellom Kvinnherad og E39 sørover og nordover, heiter det i uttalen frå Husnes Vekst. Styret meiner det er denne transportvegen som er mest tenleg for dei fleste reisande på begge sider av fjorden, og som må leggjast til grunn for kor eit trafikknutepunkt skal plasserast.

Dette skriv Husnes Vekst i uttalen sin:

Det var verkeleg ei gladmelding me fekk då regjeringa nyleg opplyste at dei ville sletta bompengelånet for Halsnøystunnelen. Stor takk til våre lokale folkevalde representantar frå regjeringspartia, som klarte å få gjennomslag for å fjerna dette «forhatte» og fordyrande stengselet i samfunnsmaskineriet. Snakk om å vinna i Lotto!

For både det offentlege, næringslivet og folk flest, vil dette vera ei stor økonomisk lette og ei vitamininnsprøyting, som utan tvil vil knyta kommunen tettare saman. 

No kan også samferdslekartet teiknast på nytt for å få ned reisetida mellom Kvinnherad og E39 sørover og nordover. Det er den transportvegen som er mest tenleg for dei fleste reisande på begge sider av fjorden som må leggjast til grunn for kor eit trafikknutepunkt skal plasserast.

Då er det utan tvil Sunde som peikar seg ut som klart mest tenleg. Det har det vore historisk i mange generasjonar, og det er det den dag i dag fram til det kan avløysast av eit betre alternativ, til dømes brusamband.

Jektevik

På andre sida av fjorden er det Jektevik som per i dag har kortast avstand til Sunde, med i underkant av ein kilometer kortare strekning enn Ranavik – Skjersholmane. Det er 10 minutt køyretid på E39 Jektevik – Leirvik og 12 – 13 minutt Jektevik – Sandvikvåg. Kystbussen er innom Jektevik kvar halvtime i tillegg til mange lokalbussar.

Med dei nye rutetidene for Jektevik – Hodnanes – Nordhuglo frå 1. januar 2020, vil Jektevik ferjekai vera ledig i periodar på 30 – 50 minutt 22 gonger mellom klokka 06.00 og 24.00 på kvardagar. Det bør derfor liggja til rette for at ferjene til/frå Sunde også kan leggja til denne ferjekaien og lada når det er same operatør (Fjord1) som skal drifta begge sambanda frå nyttår. Med 13 – 14 knops fart vil overfarten vera på ca 35 minutt med 45 eller 50 minutts intervallar. 

Reisetida for det store fleirtalet reisande på begge sider av fjorden mellom Leirvik og Kvinnherad vil slik bli redusert med 10 – 12 minutt, og med ned mot ein halv time kortare reisetid frå den folketunge delen av Kvinnherad mot Bergen.

Det vert igjen mogleg å reisa eine vegen over fjorden frå Sunde med snøggbåt og returnera med ferje til same kai ein har bilen parkert, dersom ein ikkje rekk snøggbåten eller t.d. vil ta nattferja tilbake.

Miljøgevinst

Det vil vera ein stor miljøvinst å unngå dei 200 høgdemetrane gjennom Halsnøytunnelen, og ikkje minst eit betre bumiljø på Halsnøy ved å sleppa tungtrafikken, som tvillaust vil auka når tunnelen blir gratis.

Sambandet Sunde – Jektevik vil ha betre regularitet i uvêrsperiodar, sidan det ligg meir innaskjers.

Arbeidet med å etablera ladestasjon på Ranavik må no stansast og materiell og utstyr overførast og tilpassast Sunde ferjekai. Å flytta konsesjonen frå Ranavik – Skjersholmane til Sunde – Jektevik bør vera uproblematisk når kommunane Stord og Kvinnherad i samarbeid med fylket ønskjer denne løysinga.

Dette vil vera eit bra samferdslemessig framsteg og vera tenleg fram til brusambandet over Husnesfjorden (Sunnfast) er på plass. Mellombels kan eit ferjesamband Sunde – Hodnanes eller eit kort samband i  Sunnfast-traséen, Huglo – Bjellandsneset, vera aktuelt når brua mellom Jektevik og Hodnanes opnar. 

Husnes Vekst ber ordførarar og kommunestyra i Kvinnherad og Stord straks ta tak i problemstillinga og gjera det som må til for å få på plass nytt ferjesamband over fjorden og etablera Sunde og Jektevik som stader for ferjesambandet Kvinnherad – E39 Stord. 

Styret i Husnes Vekst
Synnøve Handeland, Guttorm Røssland, Håkon Røstbø, Merete Hersvik, Jarle Haktorson, Per Henrik Opdal. 

Siste artiklar

Lenker for deg som er ny på Husnes

Lenker for deg som er ny på Husnes

Som nyinnflytta er det mange ting å setja seg inn i. I denne artikkelen har vi samla litt lenker som kan hjelpa deg litt på vegen.

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Husnes Utvikling har sendt eit lesarbrev til avisene i regionen med eit forslag til korleis ein kan ordna med innkorting av ferjesambandet til Stord.