Vil ha grundigare vurdering av Sunde–Jektevik

Publisert av Kristian Hus

1. juli 2019

Sunde – Jektevik er ut frå dagens situasjon det beste og tenlegaste for trafikantar flest, meiner Husnes Vekst. (Illustrasjon: Håkon Røstbø)

Husnes Vekst vil ha ny og grundigare vurdering av ferjesambandet Sunde – Jektevik.

Fylkesdirektør for samferdsel, Håkon Rasmussen, har i svarbrev til Kvinnherad kommune gjort greie for status for bygging av ladestasjonar til elektriske ferjer på Ranavik ferjekai. Han peikar i fleire punkt på kvifor Sunde – Jektevik ikkje kan nyttast som ferjesamband når Halsnøytunnelen vert gratis.

Husnes Vekst vil i det følgjande kommentera, og be om svar på desse uttalane:

1. «Jektevik ferjekai har ikkje kapasitet til å dekkje ferjesambandet mellom Stord og Kvinnherad. Det vil krevje utviding av arealet for oppstillingsplassar, samt truleg også ny kai med ladefasilitetar»

Kommentar:

Oppstillingsplassen på Jektevik har eit areal på 1300 m2, medan oppstillingsplassen på Ranavik er berre 1000 m2. Når tunnelen vert gratis vil høgst sannsynleg oppstillingsplassen på Ranavik måtta utvidast. Denne kostnaden kan i staden nyttast på Jektevik der ein enkelt kan dobla arealet til 2600 m2. Ved å nytta Jektevik kan ein i tillegg droppa kostnaden på mange millionar med ny snøggbåtkai på Ranavik. Ferjekaien som vert frigjort kan nyttast til snøggbåten som i dag.

I det føreslegne ruteopplegget for ferjesambandet Jektevik – Hodnanes – Nordhuglo, vil Jektevik ferjekai vera ledig i periodar frå ein halv time til 50 minuttar, 22 gonger mellom klokka 06.00 og 24.00 på kvardagar. Dei nye elferjene treng liggja til kai 10 minuttar for lading. Det er difor ikkje til å forstå kvifor ikkje ferjene i eit samband Sunde – Jektevik kan nytta denne kaien når den likevel er ledig og kvifor som Rasmussen hevdar, at det truleg må byggjast ny kai med ladefasilitetar.

2. «Sunde ferjekai blir i dag brukt til innfartsparkering. Om ferjeleiet igjen skal brukast til ferjetrafikk, må det etablerast ny innfartsparkering og ladefasilitetar»

Kommentar:

Kjenner ikkje Rasmussen til at ny innfartsparkering med fleire parkeringsplassar enn det er i dag på den gamle oppstillingsplassen på Sunde ferjekai, snart er klar? Det same ladeutstyret som er tiltenkt Ranavik, må kunna nyttast på Sunde.

3. «Flytting av sambandet til Sunde – Jektevik vil dermed føre til vesentlege investeringsutgifter, utan at det gir kortare overfartstid eller betre driftsopplegg. Sjølv om reisetida mellom Husnes og hhv. Bergen og Leirvik vert noko redusert ved dette alternativet, kan dette etter fylkeskommunen si meining ikkje forsvare dei store meirutgiftene. Eit innkorta samband med nytt ferjestø på Stord-sida vil uansett vere det alternativet som gir kortast samla reisetid og vil vere eit betre alternativ enn Sunde – Jektevik»

Kommentar:

Husnes Vekst vil hevda at investeringsutgiftene heller vil bli vesentleg redusert som m.a. vist til i kommentar til første punkt. Så kjem i tillegg kostnadene i storleik hundretals millionar til god nok vegstandard og trafikksikring over Halsnøy, som den aukande ferjetrafikken og ikkje minst auka tungtrafikk vil medføra. Dette krev sjølvsagt ein heilt annan vegstandard enn ei vegopprusting berre for lokaltrafikken på øya, sjølv om det også er behov for dette.

Dei store investeringane som må gjerast for ein aukande ferjetrafikk, må takast over fylkesvegbudsjettet og gjennom Kvinnheradpakken ved å krevja inn bompengar av trafikantane på ferjene. Ulempene for trafikantane medan det pågår omfattande opprusting av ein veg der det ikkje er høve til omkøyring, har òg sin pris. 

Det er i overskueleg framtid ikkje noko som tyder på at det vert bygt ny ferjekai på Stord. Etablering av ladestasjonar på Ranavik og Skjersholmane, vil sementera dette lite tenlege  sambandet i 10 år frametter. 

Rasmussen ser likevel at «reisetida mellom Husnes og hhv. Bergen og Leirvik vert noko redusert», som han uttrykkjer det, ved eit samband Sunde – Jektevik.

Slik vil reisetida bli redusert med eit samband Sunde – Jektevik:

10.000 kvinnheringar på sørsida av fjorden og all gjennomgongstrafikk Odda/Hardanger og Skånevik/Etne mot det folketunge Leirvik-området, vil få tilnærma eit kvarter redusert reisetid. Til samanlikning ville eit samband Ranavik – Djupavik, som no er lagt bort grunna høge kostnader, redusert reisetida med 10 – 12 minuttar.

Minst 7000 kvinnheringar i den folketunge delen av kommunen, vil få opp mot ein halv time redusert reisetid til Bergen. Når vegen Svegatjørn – Rådal opnar om vel to år, vil reisetida bli ytterlegare redusert med minst 20 minuttar og ei total reisetid på ned mot 2 timar vil vera oppnåeleg, mot i dag nesten 3 timar.  Dette vil innebera at til dømes varetransport tur/retur Bergen og Hydro Husnes, vil få redusert reisetida med halvannan time. Transport og reisetid kostar samfunnet og næringslivet store summar kvart år og er ein tungtvegande konkurransefaktor, noko som særleg rammar Kvinnherad med sine dårlege kommunikasjonar.

Det vil vera ein stor miljøvinst å unngå dei 200 høgdemetrane gjennom Halsnøytunnelen og ikkje minst eit betre bumiljø på Halsnøy ved å sleppa tungtrafikken, som utan tvil vil auka ved gratis tunnel. 

Eit samband Sunde – Jektevik er ikkje optimalt, men det er ut frå dagens situasjon det beste og tenlegaste for flest trafikantar ein kan få til, fram til brusambandet over Husnesfjorden (Sunnfast) er på plass. Vert Tysnesbrua mellom Jektevik og Hodnanes bygt før Sunnfast, vil eit innkorta ferjesamband Sunde – Hodnanes eller eit kort 10 – 12 minuttars ferjesamband i  Sunnfast-traséen (Huglo – Bjellandsneset) vera aktuelt.

Husnes Vekst
Synnøve Handeland, Guttorm Røssland, Håkon Røstbø, Merete Hersvik, Jarle Haktorson, Per Henrik Opdal, Oddmund Skår

Siste artiklar

Lenker for deg som er ny på Husnes

Lenker for deg som er ny på Husnes

Som nyinnflytta er det mange ting å setja seg inn i. I denne artikkelen har vi samla litt lenker som kan hjelpa deg litt på vegen.

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Husnes Utvikling har sendt eit lesarbrev til avisene i regionen med eit forslag til korleis ein kan ordna med innkorting av ferjesambandet til Stord.