Eit vakrare Husnes?

Publisert av Kristian Hus

28. mai 2019

Ein mosegrodd mur skapte engasjement. (Foto: Kristian Hus)

Er det grunneigaren på oppsida av muren sitt ansvar å fjerna mose og anna vokster, eller er det eigaren av fortauet (kommunen) si plikt? Spørsmålet blei stilt på Facebook, ilag med dette bildet frå Bogsnesvegen. 

– Det er vel ikkje slik det skal sjå ut i eit regionsenter, vart det sagt.

– Ein kan sikkert meine mykje om kven som har ansvaret. Men skal det bli gjort noko, trur eg nok dei som bur i området må trø til, svara ein av dei som deltok i debatten.

Han tvilte elles på at den omtalte muren nokon gong blir fri for mose, om det så var kommunen sitt ansvar, så trudde vedkomande at det er mange andre oppgåve rundt om i kommunen som er meir prekære å bruke pengar på.

– Hvem har ansvaret for vedlikehold av Husnesparken? spurte ein annan lesar. Han viste til at ein snart kan slå parken med ljå.

Rosendal vs. Husnes

Ein annan som kommenterte saka på Facebook sa det slik:

– De respektive borettslag burde kanskje oppmuntre til gode dugnader for å lage det fint rundt oss. Det kan óg bli en inspirasjon for andre, vil jeg tro. Å lesse over på det offentlige er noen ganger en fin balansegang: Ta ansvar eller forskyve ansvar? Dugnad kan ha mange gode verdiskapende elementer i seg, da treffer man i det minste naboen sin.

Samtidig ser jeg hvordan man forvalter offentlige midler i kommunen vår: Jeg kjører daglig til Rosendal og ser at indre luten har en (relativt sett) «stor andel» gartnere i sving. I ytre luten ser jeg svært sjelden en gartner. Vet ikke hvem som styrer dette, men i alle fall burde «portalen» til Husnes vært gjenstand for en stor oppgradering. Utenom «Samspel» er det lite som minner om et regionssenter. Dette avløses av SIM sine søppelkonteinere ved bensinstasjonen. Her burde kanskje noen løfte dette opp, for eksempel Husnes Vekst.

I 2006 hadde Husnes Vekst fokus på prosjektet «Eit vakrare Husnes». I dag spør mange seg om kva resultatet av det arbeidet har ført til.

– Ei god planleggjing av Husnes vil ha positiv påverknad for heile Kvinnherad kommune, vart det sagt i prosjektskildringa den gongen.

Siste artiklar

Lenker for deg som er ny på Husnes

Lenker for deg som er ny på Husnes

Som nyinnflytta er det mange ting å setja seg inn i. I denne artikkelen har vi samla litt lenker som kan hjelpa deg litt på vegen.

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Husnes Utvikling har sendt eit lesarbrev til avisene i regionen med eit forslag til korleis ein kan ordna med innkorting av ferjesambandet til Stord.