Ny Opsangerveg – eit stort løft

Publisert av Kristian Hus

15. februar 2017

Det skal koma ny rundkøyring ved innkøyrsla til Undarheim skule og Husnestunet. Ho skal utsmykkast med åtte aluminiumsboltar laga av Hydro Husnes. Boltane vil bli plasserte slik at bilistane berre kan sjå tre av dei om gongen, noko som illustrerer at aluminium er det tredje vanlegaste grunn- stoffet i jordskorpa.
Det skal koma ny rundkøyring ved innkøyrsla til Undarheim skule og Husnestunet. Ho skal utsmykkast med åtte aluminiumsboltar laga av Hydro Husnes. Boltane vil bli plasserte slik at bilistane berre kan sjå tre av dei om gongen, noko som illustrerer at aluminium er det tredje vanlegaste grunn- stoffet i jordskorpa.

– Dette blir eit mykje større løft enn mange har sett føre seg, seier Peder Sjo Slettebø om opprustinga av Opsangervegen gjennom Husnes. Arbeidet vil truleg starta opp i løpet av mars månad. 

– Det er ei stor investering, men takka vere at prisane i bransjen er låge, så får vi mykje for pengane, sa ordføraren i formannskapet. Prosjektet er kostnadsrekna til 80 millionar kroner eksklusiv moms, inkludert veg, vatn og avløp, og det ser ut til at dette skal halda.

Den mest iaugefallande delen av den nye vegen blir Fonteneplassen på sjøsida av vegen nedanfor Europris. Etter planen skal det koma ei «hoppande» fontene her, blømande staudar, amfi, bryggje kledd i skifer, samt badeplass.

Utsmykking

– Vi jobbar også for å få til ei utsmykking i rundkøyringa ved bensinstasjonen, fortel ordføraren, ifølgje Grenda. Det vert også eit kjempeløft langs vatnet, med mur eit stykke bortover. Heile strandpromenaden blir vesentleg finare. Sentrum kjem til å ta seg heilt annleis ut når dette er ferdig, seier Slettebø.

– Arbeidet vil starta ved rundkøyringa ved bensinstasjonen så snart som mogleg, i alle fall i løpet av mars. Men i framtida trur eg vi må starta grunnforhandlingane mykje tidlegare, det er noko må vi ta lærdom av etter denne prosessen, sa Slettebø.

Ordføraren peikar på tre grunnar til at ein vel å rusta opp den kommunale Opsangervegen no:

For det første må det gjerast noko med vatn og avløp. Det er heilt nødvendig. For det andre, er ikkje vegen trygg nok, spesielt ved skulane. Og når vi har eit sentrum, er det rett å gjera det så fint som mogleg. Ordføraren sa samstundes at kommunen totalt kjem til å investera for 140 millionar kroner i Husnes sentrum i år.

Godt innanfor ramma

Prosjektleiar Per Inge Naterstad meiner arbeidet på Opsangervegen er trygt innanfor dei økonomiske rammene.

– Dagens situasjon er tragisk, sa prosjektleiaren i formannskapet. Både fortau og veg har veldig dårleg standard, sa han, ifølgje Grenda. Noverande busshaldeplass ved skulane er slett ikkje betre.

– Det er berre eit tidsspørsmål før det går gale her, sa Naterstad, som varsla at haldeplassen skal utvidast ganske mykje.

Han understreka elles at vatn og avløp er den største posten i prosjektet. Eksisterande anlegg er om lag 50 år gammalt, og byr på store driftsproblem og hyppige brot.

Strekninga frå bensinstasjonen til det gamle hotellbygget vert såkalla miljøgate med 30 km/t som fartsgrense. Her er det kalkulert med 4.300 bilpasseringar i døgeret i ein 20-årsperiode. Hovudvegen skal ifølgje reguleringsplanen vera Sentrumsvegen som går ovanfor Storsenteret.

Karmøy-firmaet Vassbakk & Stol skal utføra jobben. Oppdraget skal vera ferdig til sommaren 2018.

(Kjelde: Grenda)

I 2018 blir Opsangervegen heilt ny. (Arkivfoto: Geir Remme)
I 2018 blir Opsangervegen heilt ny. (Arkivfoto: Geir Remme)

Siste artiklar

Lenker for deg som er ny på Husnes

Lenker for deg som er ny på Husnes

Som nyinnflytta er det mange ting å setja seg inn i. I denne artikkelen har vi samla litt lenker som kan hjelpa deg litt på vegen.

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Husnes Utvikling har sendt eit lesarbrev til avisene i regionen med eit forslag til korleis ein kan ordna med innkorting av ferjesambandet til Stord.