– Godt år for Hydro = godt nytt for heile Kvinnherad!

Publisert av Kristian Hus

10. februar 2017

Gode resultat for Hydro på Husnes, betyr mykje for heile Kvinnherad, meiner styreleiaren i Husnes Vekst.
Gode resultat for Hydro på Husnes, betyr mykje for heile Kvinnherad, meiner styreleiaren i Husnes Vekst.

– 60 millioner kroner i pluss for Hydro, er gode nyhende for heile Kvinnherad. Det slår Åsfrid Barstad, styreleiar i Husnes Vekst kategorisk fast.

Ho peikar på at aluminiumverket på Husnes er ein stor og viktig arbeidsplass, ikkje berre for dei som har arbeidet sitt der, men òg for lokale bedrifter rundt om i kommunen, som har oppdrag for Hydro.

Barstad har merka seg at direktør Per Øyvind Sævartveit er forsiktig optimist, og gler seg over slike signal, samtidig som han gjev ros til medarbeidarane sine for deira innsats.

– Vi kan gle oss med dei og håpa på at marknaden held seg stabilt framover, seier styreleiaren i Husnes Vekst.

Ifølgje Kvinnheringen var særleg siste kvartalet i 2016 sterkt, med 50 millionar kroner i pluss.

Det gode resultatet det siste kvartalet skuldast i hovudsak høgare aluminiumspris, og lågare kostnader på råvarene, og nokre rekneskapsmessige effektar.

Sævartveit er bra nøgd med fjorårsresultatet, sjølv om han ikkje vil bruka sine sterkaste superlativ på resultatet.

– Ikkje knalltal

– 60 millionar er ikkje noko vi på sikt kan vera nøgde med, det er ikkje knalltal dette, seier han til avisa. Men samstundes peikar han på at det er vesentleg betre enn å tapa store beløp, som verket på Husnes gjorde litt tilbake i tid.

Stabilisering av situasjonen gjer òg at vi er i ein langt meir robust og føreseieleg situasjon enn i 2012 og 2013. Då var det rett og slett eit spørsmål om vidare eksistens. Slik er ikkje situasjonen lenger, og det er gledeleg, seier Sævartveit.

Heile styret i Husnes Vekst gler seg over den økonomiske framgangen til Hydro Husnes. (Arkivfoto)
Heile styret i Husnes Vekst gler seg over den økonomiske framgangen til Hydro Husnes. (Arkivfoto)

Siste artiklar

Lenker for deg som er ny på Husnes

Lenker for deg som er ny på Husnes

Som nyinnflytta er det mange ting å setja seg inn i. I denne artikkelen har vi samla litt lenker som kan hjelpa deg litt på vegen.

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Husnes Utvikling har sendt eit lesarbrev til avisene i regionen med eit forslag til korleis ein kan ordna med innkorting av ferjesambandet til Stord.