Ny idrettshall på Husnes: – Alle skal få delta i planlegginga!

Publisert av Kristian Hus

26. januar 2017

Idrettshall1
Planleggjinga er i gang, og dette er ikkje det endelege prosjektet.

Kvinnherad kommune er i startgropa med arbeidet for prosjektering av ny idrettshall på Husnes, som kommunestyret vedtok å byggja før jul. Dette blir det største løftet for idretten i kommunen på lange tider, seier ordførar Peder Sjo Slettebø.

Ordføraren peikar på at når kommunen no skal i gang med eit slikt stort prosjekt, må ein sjølvsagt byggja for framtida. Heilt konkret betyr det ein hall som kan brukast av flest mogeleg, og til mest mogeleg.

Sjo Slettebø har registrert at debatten om innhaldet i den nye hallen er i gang, både innanfor idrettsmiljøet, i avisene og i sosiale medium, noko han tykkjer er svært bra. For sin del meiner ordføraren det er svært viktig med eit stort engasjement for prosjektet no medan kommunen er i gang med planleggjinga av korleis hallen skal sjå ut.

Men han vil likevel understreka at dei skissene som er presenterte så langt, ikkje er endelege. Difor vil det i tida framover bli rikeleg høve til å koma med nye innspel, idear og ønskje for den nye idrettshallen.

Koma til orde

– Kommunen vil så langt råd er gje god informasjon om prosessen, og leggja til rette for at interesserte kan koma til orde, seier Sjo Slettebø. Han vonar at det vil bli ein hall for alle, der det blir plass til alle aktivitetane som allereie er i gang, og nye som skal koma.

Rett nok er det ikkje sikkert at ein kan realisera alt innhald med ein gong, så kanskje må det gjerast i ulike byggetrinn, filosoferer ordføraren. Men dette vil prosessen visa, presiserer han.

– Eg inviterer i alle fall innbyggjarane i Kvinnherad, både idrettsinteresserte og alle som er opptekne av den nye hallen til å delta med idear og forslag. Formannskapet skal i februar vedta prosjektplanen, og då er vi i gang for fullt, avsluttar ordføraren.

Alle som vi, skal få ha ei meining om idrettshallen, seier ordføraren.
Alle som vi, skal få ha ei meining om idrettshallen, seier ordføraren.

Siste artiklar

Lenker for deg som er ny på Husnes

Lenker for deg som er ny på Husnes

Som nyinnflytta er det mange ting å setja seg inn i. I denne artikkelen har vi samla litt lenker som kan hjelpa deg litt på vegen.

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Husnes Utvikling har sendt eit lesarbrev til avisene i regionen med eit forslag til korleis ein kan ordna med innkorting av ferjesambandet til Stord.