Styret i Husnes Vekst har mange ballar i lufta for tida. Her er noko av det leiar Åsfrid Barstad kan melda om:
Regionsenteret Husnes
Saka er sett «på vent» til dess omorganiseringa i kommunen er ferdig. Når det er klart kven som skal arbeida med prosjektet får Husnes Vekst tilbakemelding og invitasjon til å delta i prosjektet.
Hellandskrysset
Det er vedteke at det skal bli rundkøyring. Ny bru, slik styret tidlegare har teke til orde for, vil bli så kostbart at det ikkje er aktuelt å gå videre med dette spørsmålet no, etter som det kan forseinka heile prosjektet.
Trafikksikring i sentrum
Det er lagt ein del planar, men det er fleire eigarar inne i biletet og desse må først bli enige før arbeidet kan setjast i gang. Det gjeld spesielt området mellom og rundt Storsenteret, Coop og det mellombelse NAV-bygget.
Rydding i sentrum
I samarbeid med Husnes ungdomsskule skal det ryddast før 17. mai og Husnes Vekst ventar no på svar om kva dag som passar.
Borvikstranda
Toalettanlegget på badestranda skal reparerast blant anna med nytt tak og ny dør. Husnes Vekst vil òg arrangera rydding av området, slik som i fjor. Nærare kunngjering kjem seinare.