Foto: Elisabeth Skogseth
Prosjekta våre
Husnes Pryd
Ei arbeidsgruppe som jobbar for å gjera det vakrare rundt oss.
Våren 2022 kom Heidi Sande Gertz inn i styret i Husnes Utvikling. Allereie på det første styremøtet lufta ho ideen om å gi Husnes eit ansiktsløft med planter eller blomar langs vegane inn mot sentrum. Gruppa «Husnes Pryd» vart danna på Facebook der innbyggjarane kunne komma med forslag til kva gruppa kunne jobba med. Seinare vart ei arbeidsgruppe satt saman, og denne arbeidsgruppa har tatt med seg innspela på Facebook i det vidare arbeidet.
Arbeidsgruppa består av Heidi Sande Gertz, Elsbet Marina Mikkelsen (Elsbet Park og Hage), Marita Helen Totland (tidlegare leiar i Kvinnherad Hagelag), Trude Aarsand (ny leiar i Kvinnherad Hagelag), Birte Hjelmeland Bruvik, Kari Natvik Røstbø, Hilde Synnøve Olderkjær Røssland og Sigrid Bjelland Mathisen.
Det første møtet var ein vandringstur frå Samspel til brygga ved kulturskulen. Her vart det tatt bilete, og idear om kva som kunne gjerast vart notert. Området er vindhardt, bilane virvlar opp svevestøv og vi ønskjer tre og blomar som held seg fine lengst mogleg før vinteren slår inn. På det neste møtet hadde Elsbet med seg «plante-prøvar» som ho meinte kunne passa i dette området.
Initiativet til Heidi har vekka interesse hos mange og i slutten av august intervjua Kvinnheringen Heidi. Her fortalde ho at ein i mange bygder ser ein ein tydeleg identitet, ein stoltheit. Det engasjementet saknar ein på Husnes, det å vera stolt av bygda si. Tanken bak Husnes Pryd er å gjera Husnes til ein meir attraktiv stad å både bu og besøkja. Det ønskjer arbeidsgruppa å få til gjennom mellom anna planting av tre og blomar, men også ved å skapa møteplassar for unge og gamle. Heidi avslutta intervjuet med å seia:
«Eg synest det er gøy med fargar og eg er oppteken av at omgjevnadane har noko å seia for korleis ein har det. Det gjeld i alle rom, også i det offentlege. Eg synest kanskje at det er undervurdert på Husnes i høve til andre bygder. Her har ein i for liten grad teke omsyn til kva det er som gjer folk glade. Det har med det å skapa identitet og stoltheit å gjera.»
Heidi har elles hatt møter med kommunen og har snakka med butikkeigarar og andre langs vegen. Arbeidsgruppa er i samtale med Kvinnherad kommune om kva dei har av planar for deler av området og har fått lov til å komma med innspel til kva vi ønskjer. Fleire av dei som er kontakta er positiv til å gjera noko for å få det finare i bygda vår. Rett før sommaren kontakta Heidi dåverande rektor på Kvinnherad vidaregåande skule, Gry Hege Grønningen. Ho heiv seg rundt og fekk ordna det slik at ein gartnar skal hjelpa dei med å rydda opp/pynta området rundt parkeringsplassane deira ved Opsangervegen. Arbeidet skal gjerast over tid, men allereie i haust starta dei med å planta flotte rognetre av typen Sorbus Dodong langs sykkelstien.
No skal vinteren brukast til å laga planteikningar og progresjonsplan slik at vi kan søka midlar på nyåret. Arbeidsgruppa vil halda dykk oppdatert om progresjonen vidare her og på Facebook.
Oppdatering 2. mai 2023:
Sparebank 1-stiftinga Kvinnherad likte planane våre om oppgradering av området rundt lysthuset/paviljongen i Husnesparken. Meir om dette kan du lesa her.
Oppdatering juli 2023:
30 . mai inviterte gruppa til dugnad i Husnesparken. Meir om dette kan du lesa her. I slutten av juni starta resten av prosjektet opp. Gartnarabeidet vil pågå i løpet av sommaren/tidleg haust. Det er Elsbet Marina Mikkelsen som står for prosjektet.
Faksimile frå Facebook-sida til Kvinnheringen
Takk til Kvinnheringen for at vi får bruka delar av intervjuet her.