Husnes Vekst vil ha ferje Sunde–Jektevik

Publisert av Kristian Hus

12. desember 2017

(Illustrasjon: Håkon Røstbø)

– Gode kommunikasjonar mellom Stord og Kvinnherad har alltid vore viktige for båe kommunane, men ikkje minst for Kvinnherad, skriv Husnes Vekst i ein uttale til sentrale instansar både på fylkes- og lokalplan.

Styret peikar på at forverringa i reisetid, kostnad og regularitet som har vore det siste tiåret, har vore med og påverka at Kvinnherad har tapt konkurransekraft – og ikkje hatt ønskjeleg og forventa utvikling korkje i arbeidsplassar eller folketal.

Ferjetrafikken vestover må difor snarast flyttast til sambandet Sunde – Jektevik, meiner Husnes Vekst. Organisasjonen peikar på at denne løysinga gjev totalt sett snøggare, enklare og meir miljørett samband mellom dei store verksemdene, tenesteytarane og bustadkonsentrasjonane i Leirvik- og Husnes-området, til liks med resten av Kvinnherad mot vest.

Etter Husnes Vekst si meining vil ferje mellom Sunde og Jektvik gje enklare direkte tilgang for store delar av Kvinnherad til E39 med sikker veg vidare mot Bergen, Leirvik og Haugesund/Stavanger.

– Jektevik er alt no (i tillegg til Leirvik) trafikknutepunkt for ekspressbussar nordover mot Bergen og sørover mot Haugesund/Stavanger, heiter det i brevet.

Løysinga kan realiserast umiddelbart og krev små investeringar samanlikna med i investeringar i nye ferjekaiar med tilførselsvegar på Stord og på Halsnøy til mange hundre millionar kroner. Totaloverslag for dei nye ferjekaiane med tilførselsvegar bør snarast fram i lyset, påpeikar styret i Husnes Vekst.

Klikk på linken nedanfor og les heile brevet frå Husnes Vekst.

Husnes Vekst – Betring av kommunikasjonstilhøva mellom Stord og Kvinnherad

Siste artiklar

Status familiepark og fontene

Status familiepark og fontene

Det er sikkert fleire som lurer på kva som er status for familieparken, samt den mykje omtala fontena i parken. Familiepark: I førre veke hadde vi...

Trampolineaktivitet 2024

Trampolineaktivitet 2024

Det har vore god aktivitet på vatnet og i Borvika denne sommaren. Det er kjekt å sjå at utstyret blir brukt. Men no er hausten her, og vi har pakka...

Innkalling til årsmøte

Innkalling til årsmøte

Husnes Utvikling inviterer til årsmøte onsdag 17. april 2024 kl. 19.00. Møtet finn stad i Blackbox i Kulturhuset Husnes. Inngongen finn du i...