Investerer over 30 mill på Husnes: 22 nye leiligheter – og ny hotelldrift

Publisert av Kristian Hus

20. januar 2017

No skjer det endeleg noko ved og på Husnes Hotell. (Teikning: Grung Arkitektur AS)
No skjer det endeleg noko ved og på Husnes Hotell. (Teikning: Grung Arkitektur AS)

– Dette er svært bra for heile husnessamfunnet, spesielt at det kan bli ny hotelldrift her igjen, seier Edvin Teigen i Teigen Eigedom AS. Han er ein av to næringsdrivande som gler seg over at Kvinnherad kommune vil kjøpa åtte mindre leiligheter i bygget der Posten distribusjon held til i dag. Heile andre høgda i bygget skal innreiast til mindre bustader i storleiken 55 – 60 kvadratmeter, som skal vera klare til innflytting allereie til hausten. Lokalet har stått tomt sidan huset vart bygt i 2012, og var opprinneleg planlagt for fem større leiligheter.

To andre utbyggjarar som gler seg over kommunen si storsatsing i regionsenteret Husnes, er Elin Stene og Geir Rusten. Gjennom selskapet SHL Eigedom AS skal dei byggja 14 leiligheter i storleiken 50 til 70 kvadrat over den tidlegare utestaden Vift. Kjøpar er Kvinnherad kommune, som med dette set i verk første del av ein omfattande bustadpakke. Målet er å få etablert eit større tal bustader over heile kommunen, seier ordførar Peder Sjo Slettebø.

Førstegangsetablerarar

– Målet med bustadpakken er å medverka til at særleg unge førstegangsetablerarar kan få tilgang til moderne bustader med gunstige finansieringsordningar, fortel ordføraren. Han meiner det med dette vil gjera det lettare å etablera seg i Kvinnherad.

Første del av bustadpakken har kommuneadministrasjonen i samråd med formannskapet valt å lysa ut i Husnes sentrum. Dette er ein viktig del av kommunen si satsing på regionsenteret. I tida som kjem vil arbeidet med bustadpakken halda fram, og det vil bli lyst ut nye konkurransar for bustadar i ulike bygder, opplyser Sjo Slettebø.

Han er glad for å vera i mål med første del av den vedtekne bustadpakken. Dagens «gåve» til husnessamfunnet representerer ei investering på over 30 millionar kroner berre frå kommunen si side. Kor mykje dei to utbyggjarane investerer for, vil ingen av dei seia noko om.

Utsikt mot Opsangervatnet

Elin Stene i SHL Eigedom AS fortel at dei 14 leilighetene som selskapet skal byggja over Vift blir i to etasjar og ha utsikt mot Osangervatnet. Dei har allereie søkt om rammeløyve for prosjektet og reknar med at prosessen vidare vil gå slik dei har tenkt seg.

Når kommunen no kjøper alle leilighetene i nybygget, gjev det samtidig håp for det gamle Husnes Hotell. I alle fall vil dei 45 gjesteromma bli oppussa og klargjorte for hotelldrift. Elin Stene ser for seg at det kan drivast ein overnattingsstad her etter «bed and breakfest»-prinsippet. Restauranten i toppetasjen er òg godt eigna for dei som vil driva hotell. Utbyggjarane har òg planar om nye fasadar på det gamle hotellbygget.

Stene presiserer at ho og mannen ikkje skal driva hotell sjølve, men at dei har hatt kontakt med nokre interessentar som vurderer ei slik drift.

– Å ha bustadar midt i sentrumskjernen på Husnes er med å generera handel og liv i regionsenteret, seier ordførar Peder Sjo Slettebø. Han meiner dette er sentrumsutvikling i praksis, og peikar samtidig på at det er svært positivt at bustadpakken mellom anna vil innebera både nybygg ved, og opprusting av det gamle hotellet. Ei fornying av det eksisterande bygget der Posten held til i dag, er òg gledeleg, avsluttar ordføraren.

Bustadpakken er ein viktig del av kommunen si satsing på regionsenteret Husnes, seier ordførar Peder Sjo Slettebø. (Arkivfoto: Kristian Hus).

Siste artiklar

Status familiepark og fontene

Status familiepark og fontene

Det er sikkert fleire som lurer på kva som er status for familieparken, samt den mykje omtala fontena i parken. Familiepark: I førre veke hadde vi...

Trampolineaktivitet 2024

Trampolineaktivitet 2024

Det har vore god aktivitet på vatnet og i Borvika denne sommaren. Det er kjekt å sjå at utstyret blir brukt. Men no er hausten her, og vi har pakka...

Innkalling til årsmøte

Innkalling til årsmøte

Husnes Utvikling inviterer til årsmøte onsdag 17. april 2024 kl. 19.00. Møtet finn stad i Blackbox i Kulturhuset Husnes. Inngongen finn du i...