Her trengst det avløp!

Publisert av Kristian Hus

17. november 2016

Når det regnar mykje ser det slik ut i krysset Bogsnesvegen/Skogvegen på Husnes. (Foto: Kristian Hus)
Eit gammalt problem: Når det regnar mykje ser det slik ut i krysset Bogsnesvegen/Skogvegen på Husnes. (Foto: Kristian Hus)

Vatn har vi nok av i dette landet. Men vi kunne tenkt oss andre forhold når vi er ute og går eller køyrer på Husnes, som til dømes her i krysset mellom Bogsnesvegen og Skogvegen. Her har regnvatnet i mange år samla seg i store dammar og skapt problem for trafikkantane.

Lenger oppe i Bogsnesvegen var situasjonen den same i mange år, like til Husnes Vekst sette fokus på problemet i sommar. Berre vel ein månad seinare tok kommunen tak i problemet og sette ned avløpskum og asfalterte fortauet.
Kan vi venta same raske reaksjonen frå teknisk etat denne gongen? Problemet som vi har bilete av her, er i alle fall svært gammal. Så då er det kanskje på tide å gjera noko med det? Slik skal det ikkje vera i eit regionsenter!

Siste artiklar

Innkalling til årsmøte

Innkalling til årsmøte

Våren er her og Husnes Utvikling inviterer til årsmøte tysdag 22. april 2025 kl. 18.00. Møtet finn stad i Festsalen i Kulturhuset Husnes. Vanlege...

Årskontigent 2025

Årskontigent 2025

Om kort tid sender vi ut faktura for medlemskap i Husnes Utvikling. Det er ein liten auke frå fjoråret, men framleis eit veldig godt tilbod, tykkjer...