Endeleg, der kom kummen – og asfalten!

Publisert av Kristian Hus

30. august 2016

Kum i Bogsnesvegen
No skal gåande og folk i rullestol sleppa å gå ut i vegbana på grunn av store vassmengder.

No har teknisk etat i Kvinnherad kommune (endeleg) teke affære og lagt ned avløpskum i fortauet øvst i Bogsnesvegen. I mange år har det i periodar med mykje nedbør vore problem for gåande og folk i rullestol at vatnet har samla seg opp og ikkje runne unna. Mjuke trafikkantar har dermed måtta gå ut i vegbanen for å kunna passera dammen.

Husnes Vekst og andre har påpeika problemet og fleire lokale medier har skrive om forholda opp gjennom åra, utan at noko har skjedd.

Styreleiar Åsfrid Barstad er glad for tiltaket, men tykkjer likevel det var på tide at det vart gjort noko etter så mange år. Ho håpar samtidig at det også kjem asfalt på staden så snart som mogleg.

– Det skal vera fint, over alt i regionsenteret, seier Barstad. Difor vil Husnes Vekst i tida framover følgja opp og melda ifrå når vedlikehald og stell av offentleg og privat eigedom sviktar.

PS: Biletet vart teke fredag 2. september. Så no er alt bra!

Siste artiklar

Innkalling til årsmøte

Innkalling til årsmøte

Våren er her og Husnes Utvikling inviterer til årsmøte tysdag 22. april 2025 kl. 18.00. Møtet finn stad i Festsalen i Kulturhuset Husnes. Vanlege...

Årskontigent 2025

Årskontigent 2025

Om kort tid sender vi ut faktura for medlemskap i Husnes Utvikling. Det er ein liten auke frå fjoråret, men framleis eit veldig godt tilbod, tykkjer...