Det nye styret i Husnes Vekst hadde sitt første møte måndag 4. april. Åsfrid Barstad tek fatt på ein ny periode som leiar, medan Per Magne Bringedal vart ny nestleiar etter Jan B. Ingvaldsen.
Dei andre i styret er: Torill Kleven (skrivar), Kari Røstbø, Gunnar Røssland og Oddmund Skår.
Roald Teigen og Kirsten Hals er varamedlemmer og er med på styremøta.
Årsmøtet har tidlegare vedteke ein konkret handlingsplan som styret legg til grunn for arbeidet sitt. Ei av dei viktigaste oppgåvene for organisasjonen framover er å utvikla Husnes som regionsenter.