Snart klart for asfaltering

Publisert av Kristian Hus

31. mars 2016

20160326-DSCF8746

Arbeidet med den 250 meter lange gang- og sykkelvegen i Bogsnesbrekka på Husnes nærmar seg avslutting. Denne veka driv entreprenørfirmaet Musland Maskin på med opprydding, grusing og jordkledning av området, og i midten av april skal dei leggja asfalt på nyevegen.

Anbodet for prosjektet var på rundt to millionar kroner, opplyser dagleg leiar Roar Musland. Oppdraget er utført på vegner av Kvinnherad kommune og Statens vegvesen.

I samband med arbeidet med gang- og sykkelvegen er også fem – seks store furutre i området blitt fjerna. Det er òg lagt ned ny kumme for vatn, samt strekkerøyr for straumkabel dersom det seinare skulle bli aktuelt å fjerna luftspennet. Åtte lysmastrar skal òg koma på plass før oppdraget er fullført.

Husnes Vekst har engasjert seg i dette arbeidet, og er glade for det som er gjort så langt. Men styret vil framleis vera ein pådrivar for at gang- og sykkelvegen blir forlengja bort til gamle Undarheim skule.

20160326-DSCF8759

Siste artiklar

Innkalling til årsmøte

Innkalling til årsmøte

Våren er her og Husnes Utvikling inviterer til årsmøte tysdag 22. april 2025 kl. 18.00. Møtet finn stad i Festsalen i Kulturhuset Husnes. Vanlege...

Årskontigent 2025

Årskontigent 2025

Om kort tid sender vi ut faktura for medlemskap i Husnes Utvikling. Det er ein liten auke frå fjoråret, men framleis eit veldig godt tilbod, tykkjer...