Reagerer på kommunal tildeling av midlar

Publisert av Kristian Hus

11. november 2020

Styret i Husnes Vekst reagerer negativt på forslaget til fordeling av ekstraordinære midlar frå det kommunale næringsfondet. Totalt er fondet tilført 1,6 millionar kroner i ekstraordinære midlar for å motverka negative verknader av koronapandemien. 

Kommunedirektøren har innstilt på at 11 bedrifter får til saman 1,3 millionar, der til saman ein million er føreslegne til bedrifter på strekninga Dimmelsvik – Rosendal. Det meiner styret i Husnes er feil, og ber formannskapet om å prioritera annleis.

Les brevet frå Husnes Vekst her

Foto: Daniel Morso

Siste artiklar

Innkalling til årsmøte

Innkalling til årsmøte

Våren er her og Husnes Utvikling inviterer til årsmøte tysdag 22. april 2025 kl. 18.00. Møtet finn stad i Festsalen i Kulturhuset Husnes. Vanlege...

Årskontigent 2025

Årskontigent 2025

Om kort tid sender vi ut faktura for medlemskap i Husnes Utvikling. Det er ein liten auke frå fjoråret, men framleis eit veldig godt tilbod, tykkjer...