Trampolineaktivitet 2024

Publisert av Husnes Utvikling

27. september 2024

Det har vore god aktivitet på vatnet og i Borvika denne sommaren. Det er kjekt å sjå at utstyret blir brukt. Men no er hausten her, og vi har pakka ned trampolinene for sesongen. Det arbeidet er meir omfattande enn ein skulle tru, og vi bruker ein heil del dugnadstimar på sjøsetting og vedlikehald ved sesongslutt. Men alt går med godt humør som dykk ser 🙂 Vi er heldige som har gode støttespelarar som trør til når det trengs. Men vi tar gjerne i mot fleire i 2025 🙂

Siste artiklar

Status familiepark og fontene

Status familiepark og fontene

Det er sikkert fleire som lurer på kva som er status for familieparken, samt den mykje omtala fontena i parken. Familiepark: I førre veke hadde vi...

Innkalling til årsmøte

Innkalling til årsmøte

Husnes Utvikling inviterer til årsmøte onsdag 17. april 2024 kl. 19.00. Møtet finn stad i Blackbox i Kulturhuset Husnes. Inngongen finn du i...