Ny optimisme på Husnes

Publisert av Kristian Hus

18. mars 2021

Styret i 2021 (frå venstre): Ellinor Rein, Jostein Tjeldflåt, Per Henrik Opdal, Elin Stene, Håkon Røstbø, Merete Moe Røssland og Guttorm Røssland. (Foto: Kristian Hus)

– Ei ny æra for Husnes! Det sa styreleiar Ellinor Rein på årsmøtet i Husnes Vekst torsdag kveld etter at medlemene gjekk inn for å byta namn på organisasjonen til Husnes Utvikling. Namneendringa skjer så å seia på dagen 34 år etter at Husnes Vekst blei etablert. Men føremålet og målsetjinga er den same; å ivareta næringslivet sine felles interesser, arbeida for at husnesområdet blir eit slagkraftig regionsenter for industri, reiseliv, skule, idrett og kultur, samt å arbeida for eit godt bu- og livsmiljø for innbyggjarane i heile området.

Husnes Utvikling har spenstige planar for framtida, både på kort og lang sikt. Eitt av tiltaka er etablering av ein familiepark i nærleiken av Husnes Camping. Der skal det koma både leikeplass på land og ei hinderløype i vatnet, noko som vil skapa større aktivitet i regionsenteret. Prosjektet har ei kostnadsramme på 6,4 millionar kroner og er tenkt finansiert med støtte frå både fylkeskommunen, Kvinnherad kommune, SpareBank1-stiftinga, Trond Mohn-stiftinga og andre. Styret tar sikte på at den landbaserte delen av familieparken skal stå ferdig sommaren 2022.

Styreleiaren sa på årsmøtet at dei har møtt stor velvilje i kommuneleiinga for prosjektet, og ho håpa på at det kan finnast midlar til det. Hinderløypa som er planlagt på Husnes, der opptil 180 personar kan opphalda seg samtidig, finst på tre andre stader her i landet, så dette blir unikt.

Meir informasjon og ny nettside

Av mindre kostnadskrevande tiltak vil ein allereie i dette året setja opp informasjonsskilt i Husnes båthamn og på utkøyrsla på toppen av Stripo. Nytt av året blir òg to nye trampoliner, ei i Opsangervatnet og ei i Borvika.

Husnes Utvikling vil òg spela ei aktiv rolle for at Kvinnherad Arena blir etablert i tråd med føreliggjande planar. Det blir òg arbeidd med ny nettside for organisasjonen.

På årsmøtetidspunktet har Husnes Utvikling kring 70 medlemmer, men styret har ambisjonar om å auka dette til minst 100 i løpet av året. I fjor vart det halde 10 styremøte og fire arbeidsmøte. 

Styret og styreleiar har hatt god kontakt med administrativ leiing i kommunen, kor til dømes Kjartan Thoresen har delteke i møte om utvikling av regionsenteret Husnes og planarbeidet i samband med dette. Næringssjef Grethe Solheim og Margit Lund-Mikkelson har delteke på møte om satsing på turisme og kva som må på plass både før komande sesong og i høve til meir langsiktige planar.

På årsmøtet fekk Ellinor Rein ros for framifrå arbeid som styreleiar. Ho har løfta organiasjonen opp på eit høgare nivå enn tidlegare vart det sagt, etterfølgt av applaus.

Heile styret held fram:

Ellinor Rein, leiar
Guttorm Røssland, nestleiar (attval)
Merete Moe Røssland, kasserar/sekretær
Per Henrik Opdal, styremedlem (attval)
Elin Stene, styremedlem
Håkon Røstbø, styremedlem (attval)
Jostein Tjeldflåt, 1. varamann (attval)
Oddmund Skår, 2. varamann (attval)

Familieparken skal koma sommaren 2022. (Illustrasjon: Ellinor Rein)

Siste artiklar

Lenker for deg som er ny på Husnes

Lenker for deg som er ny på Husnes

Som nyinnflytta er det mange ting å setja seg inn i. I denne artikkelen har vi samla litt lenker som kan hjelpa deg litt på vegen.

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Husnes Utvikling har sendt eit lesarbrev til avisene i regionen med eit forslag til korleis ein kan ordna med innkorting av ferjesambandet til Stord.