Ny leiar

Publisert av Kristian Hus

8. april 2019

Styret i 2019: Frå venstre: Håkon Røstbø, Oddmund Skår, Synnøve Handeland, Per Henrik Opdal, Jostein Tjeldflåt og Jarle Haktorson. Utanom desse er Merete Hersvik og Guttorm Røssland med i styret. (Foto: Kristian Hus)

Synnøve Handeland (51) vart på omframt årsmøte i Husnes Vekst måndag kveld valt til ny leiar i organisasjonen. Ho har lang erfaring frå både næringsliv og politikk og driv i dag sitt eige advokatkontor på Husnes. Før det var ho banksjef i SpareBank 1 SR-bank.

– Ei av dei viktigaste sakene Husnes Vekst vil ha fokus på framover no, er arbeidet og planane for regionsenteret, seier den nye styreleiaren.

Til liks med det som kom fram i årsmeldinga for 2018, er også Handeland uroa over at det etter snart fem år ikkje ligg føre ein klar plan for korleis regionsenteret skal utviklast. Det må vi få gjort noko med, seier ho.

Husnes har mange kvalitetar og gode bedrifter av alle slag, men mykje kan enno gjerast for å få skapa større vekst og utvikling, seier styreleiaren. Etablering av nye arbeidsplassar og fleire servicetilbod er viktige område å ha fokus på i eit regionsenter.

Eit anna område Handeland meiner er viktig å prioritera framover, er samferdselsektoren. Vi må ha stort trykk på alt som handlar om kommunikasjon, slik at ikkje Husnes og Kvinnherad elles blir liggjande i ei bakevje for evig og alltid, seier ho.

Utanom desse to viktige områda, vil det vera ei oppgåve for det nye styret å få fleire innbyggjarar i Husnes-regionen med i arbeidet til Husnes Vekst. Det er viktig å dra lasset i lag, og vera samstemte.

Styret

På det ekstraordinære årsmøtet vart desse valde til nye styremedlemmer:

  • Synnøve Handeland
  • Håkon Røstbø
  • Merete Hersvik
  • Per Henrik Opdal
  • Jarle Haktorson
  • Guttorm Røssland er òg med i styret sidan årsmøtet i 2018.

Varamenn:

  • Jostein Tjeldflåt
  • Oddmund Skår

Siste artiklar

Innkalling til årsmøte

Innkalling til årsmøte

Våren er her og Husnes Utvikling inviterer til årsmøte tysdag 22. april 2025 kl. 18.00. Møtet finn stad i Blackbox i Kulturhuset Husnes. Inngongen...

Årskontigent 2025

Årskontigent 2025

Om kort tid sender vi ut faktura for medlemskap i Husnes Utvikling. Det er ein liten auke frå fjoråret, men framleis eit veldig godt tilbod, tykkjer...

Status familiepark og fontene

Status familiepark og fontene

Det er sikkert fleire som lurer på kva som er status for familieparken, samt den mykje omtala fontena i parken. Familiepark: I førre veke hadde vi...