Nytt liv i gammal turveg-idé

Publisert av Kristian Hus

17. april 2018

Ein samanhangande turveg rundt Opsangeratnet er rekna til å bli om lag ni kilometer lang. (Flyfoto: Olav Yttredal)

Då den nye turvegen på Husnes blei opna og teken i bruk for nokre veker sidan, kom òg den gamle idéen om ein liknande veg rundt heile Opsangervatnet opp på nytt.

– Eit slikt prosjekt hadde vore fantastisk å fått til, seier ein ivrig turentusiast.

Det var Husnes Vekst som lanserte idéen om turveg rundt vatnet allereie på slutten av 1980-talet, og organisasjonen hadde endåtil prosjektet med i aktivitetsplanen sin i nokre år. Men så langt vi kjenner til i dag, kom det aldri noko konkret ut av planane. Det blei med tanken. Om grunneigarane nokon gong har vore inne i biletet, veit vi heller ikkje.

Ni kilometer

Det som er sikkert, er at totallengda på ein mogleg gangveg rundt vatnet blir om lag ni kilometer lang, grovt rekna. Og legg vi til grunn same meterprisen som den nye vegen på Husnes har kosta (eks. dugnadsinnsats) kan det vera snakk om ein kostnad på rundt 90 millionar kroner. Det er bortimot uløyseleg, etter det vi kan forstå.

Men så må det samtidig også seiast at frå Teigen via nordenden på Opsangervatnet og til vidaregåande skule går traséen på eksisterande veg/sti. Dermed blir lengda med ny veg langt mindre.

– Eit slikt prosjekt hadde vore fantastisk å fått til, seier ein ivrig turgåar. Han meiner prosjektet bør kunna delast opp i fleire etappar, og ta steg for steg etter kvart som finansieringa kjem på plass.

Om 10 år vil vi vera i mål, seier turentusiasten. Men nokon må ta grep, legg han til.

Turveg rundt heile Opsangervatnet er realistisk å få til, rett nok over fleire år.

Siste artiklar

Innkalling til årsmøte

Innkalling til årsmøte

Våren er her og Husnes Utvikling inviterer til årsmøte tysdag 22. april 2025 kl. 18.00. Møtet finn stad i Festsalen i Kulturhuset Husnes. Vanlege...

Årskontigent 2025

Årskontigent 2025

Om kort tid sender vi ut faktura for medlemskap i Husnes Utvikling. Det er ein liten auke frå fjoråret, men framleis eit veldig godt tilbod, tykkjer...