Støttar vegvesenet sin skiltplan

Publisert av Kristian Hus

6. mars 2017

Faksimile av Kvinnheringen sitt oppslag om saka.
Faksimile av Kvinnheringen sitt oppslag om saka.

Styret i Husnes Vekst støttar Statens vegvesen sin skiltplan i indre Hardanger, som mellom anna vil visa vegen til regionsenteret i Kvinnherad.

I ein uttale frå organisasjonen skriv styreleiar Åsfrid Barstad at dei i fleire år har bede om at det på sentrale stader utanom kommunen måtte koma skilt som viser vegen til Husnes. Men svaret har alltid vore det same; vegvesenet skiltar berre til regionsenter, eventuelt til kommunesenter, dersom ein ikkje har definert eit regionsenter.

I dag er situasjonen ein annan, etter at både kommunestyret i Kvinnherad og Hordaland fylkesting i 2014 definerte Husnes som regionsenter. Dermed er eit viktig kriteria for gule skilt til stades, påpeikar Husnes Vekst.

– Statens vegvesen har føreslege at det skal koma gule skilt i indre Hardanger, som mellom anna vil visa vegen til regionsenteret Husnes. Styret i Husnes Vekst støttar dette forslaget, skriv styreleiaren i uttalen.

Les meir om saka i Kvinnheringen her

Siste artiklar

Innkalling til årsmøte

Innkalling til årsmøte

Våren er her og Husnes Utvikling inviterer til årsmøte tysdag 22. april 2025 kl. 18.00. Møtet finn stad i Festsalen i Kulturhuset Husnes. Vanlege...

Årskontigent 2025

Årskontigent 2025

Om kort tid sender vi ut faktura for medlemskap i Husnes Utvikling. Det er ein liten auke frå fjoråret, men framleis eit veldig godt tilbod, tykkjer...