Styret byrjar nytt arbeidsår

Publisert av Kristian Hus

4. april 2016

Styret konstituerte seg måndag 4. april (frå venstre framme): Kari Natvik, Torill Kleven og Åsfrid Barstad. Bak frå venstre: Oddmund Skår, Per Magne Bringedal og Gunnar Røssland.
Styret konstituerte seg måndag 4. april (frå venstre framme): Kari Natvik, Torill Kleven og Åsfrid Barstad. Bak frå venstre: Oddmund Skår, Per Magne Bringedal og Gunnar Røssland.

Det nye styret i Husnes Vekst hadde sitt første møte måndag 4. april. Åsfrid Barstad tek fatt på ein ny periode som leiar, medan Per Magne Bringedal vart ny nestleiar etter Jan B. Ingvaldsen.

Dei andre i styret er: Torill Kleven (skrivar), Kari Røstbø, Gunnar Røssland og Oddmund Skår.

Roald Teigen og Kirsten Hals er varamedlemmer og er med på styremøta.

Årsmøtet har tidlegare vedteke ein konkret handlingsplan som styret legg til grunn for arbeidet sitt. Ei av dei viktigaste oppgåvene for organisasjonen framover er å utvikla Husnes som regionsenter.

Siste artiklar

Innkalling til årsmøte

Innkalling til årsmøte

Våren er her og Husnes Utvikling inviterer til årsmøte tysdag 22. april 2025 kl. 18.00. Møtet finn stad i Festsalen i Kulturhuset Husnes. Vanlege...

Årskontigent 2025

Årskontigent 2025

Om kort tid sender vi ut faktura for medlemskap i Husnes Utvikling. Det er ein liten auke frå fjoråret, men framleis eit veldig godt tilbod, tykkjer...