Med økonomisk bistand frå Kvinnherad kommune sitt næringsfond, presenterer Husnes Vekst no si nye nettside. Behovet for betre informasjon til medlemmer og andre om arbeidet organisasjonen driv med, er litt av bakgrunnen for den nye sida. Styret ønskte dessutan å ha eit meir tidsrett informasjonsverktøy, spesielt i arbeidet med å utvikla Husnes som regionsenter.
– Den gamle sida var utgått på dato, og svært lite brukt, seier styreleiar Åsfrid Barstad. No er vi glade for å ha fått ei stilrein og meir tiltalande side, der vi blant anna vil informera publikum om kva styret driv med til ei kvar tid, seier ho.
Men noko typisk medium for nyhende er denne sida derimot ikkje, understrekar Barstad. Daglege nyhende må lesarane finna på sidene til lokalavisene. Likevel tar redaksjonen mål av seg til å oppdatera sida jamleg, og skriva litt om det som skjer i og rundt regionsenteret, og i kommunen elles.
Når den nye nettsida no er gjort offentleg tilgjengeleg, ønskjer styreleiaren at både medlemmer og andre tar kontakt om saker dei vil at Husnes Vekst skal arbeida med. Barstad håpar dessutan at fleire og fleire no vil vera med i den «nye» tida for Husnes, og melda seg inn i organisasjonen.
– Skal vi få skikkeleg driv i arbeidet med å utvikla Husnes som eit kraftfullt regionsenter, er det viktig at alle som har tilknyting til staden engasjerer seg, seier Åsfrid Barstad.
I tillegg til nettsida som du les akkurat no, har Husnes Vekst også eiga side på Facebook. Så ingen skal heretter vera i tvil om at Husnes Vekst er til, og kva organisasjonen driv med! Styret har engasjert Kristian Hus til det redaksjonelle arbeidet.
Multipleks Design / Kristen Børje Hus har utvikla den nye nettsida. Han er fødd og oppvaksen på Husnes og driv no sitt eige enkeltpersonføretak i Bergen. Kommunen sitt næringsfond har løyvd kr 30.000 til arbeidet og Åsfrid Barstad er svært glad for tilskotet. Ho meiner det viser kommuneleiinga og politikarane sin vilje til å satsa på Husnes.