Husnes Vekst vil ha større fokus på viktige problemstillingar og muligheter

Publisert av Kristian Hus

23. august 2018

Husnes Vekst vil få realisert ferjefritt vegsamband (Kvifast/Sunnfast) mellom Kvinnherad, Tysnes og Stord til E39 vidare mot Bergen/Haugesund/Stavanger så snart som mogleg.

Snart fire år etter at fylkestinget peika ut Husnes som eit nytt regionsenter i Hordaland, meiner styret i Husnes Vekst at det no er på høg tid å ha tungt fokus på, og gje prioritet, til dei viktigaste problemstillingane og mulighetene Kvinnherad og Husnes har. I ein fyldig uttale til kommunen sitt pågåande arbeid med planprogrammet for regionsenteret, føreslår organisasjonen at det snarast blir sett i gang ei rekke tiltak – som ein uavhengig og parallell prosess.

Blant anna blir det føreslege at formannskapet opprettar ei frittståande prosjektgruppe med medlemer frå næringslivet i regionen, og med Kvinnherad Næringsservice som sekretariat, som skal greia ut og koma med konkrete forslag og innspel til ei rekke sentrale tema, blant anna samferdsle. Dette vil Husnes Vekst ha større fokus på. 

Styret vil til dømes at prosjektgruppa skal greia ut og koma med konkrete forslag og innspel i høve til effekten av å knyta Sunnhordland saman ferjefritt med tilknyting til ny E39.

Mellombelse kommunikasjonsløysingar mellom Kvinnherad og Stord, må òg vurderast av prosjektgruppa, meiner Husnes Vekst. Dessutan må den frittståande prosjektgruppa ha meiningar og koma med innspel om reduksjon, evt. fjerning av bompengane i Halsnøytunnelen.

Internkommunikasjonen mellom regionsenteret og resten av Kvinnherad, blir òg nemnt som ei viktig sak å ha fokus på framover.

Ferjefritt over Husnesfjorden

I uttalen sin stiller Husnes Vekst-styret også spørsmål ved korleis ein kan sikra effektiv kommunikasjon mellom regionsenteret (Husnes) og Stord, Bergen, Stavanger og Oslo, og kjem samtidig med forslag om fleire konkrete tiltak:

  • Så snart som mogeleg få realisert ferjefritt vegsamband (Kvifast/Sunnfast) mellom Kvinnherad, Tysnes og Stord til E39 vidare mot Bergen/Haugesund/Stavanger.
  • Starte planlegging av veg mellom rundkøyringa i Podlen til Bjellandsneset straks.
  • Auka frekvens i snøggbåtsambandet til/frå Stord og Flesland/Bergen.
  • Koordinering av flyruter på Stord lufthamn med snøggbåt og flybuss. 
– Start planlegginga av veg mellom rundkøyringa i Podlen til Bjellandsneset straks, skriv Husnes Vekst i høyringsuttalen sin.

Du kan lesa heile uttalen frå Husnes Vekst nedanfor.

Planprogram regionsenter – høyringssvar – Husnes Vekst 20.08.2018

Siste artiklar

Lenker for deg som er ny på Husnes

Lenker for deg som er ny på Husnes

Som nyinnflytta er det mange ting å setja seg inn i. I denne artikkelen har vi samla litt lenker som kan hjelpa deg litt på vegen.

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Husnes Utvikling har sendt eit lesarbrev til avisene i regionen med eit forslag til korleis ein kan ordna med innkorting av ferjesambandet til Stord.