Hald på Opsangervegen og Husnesparken!

Publisert av Kristian Hus

21. desember 2018

7. juni-bautaen i Husnesparken. (Foto: Kristian Hus)

I ein høyringsuttale til Kvinnherad kommune skriv styret i Husnes Vekst at dei på det sterkaste vil oppmoda om at det omtala arealet får formalisert det allereie innarbeidde namnet Husnesparken. Organisasjonen stør også framlegget om at Opsangervegen framleis skal vera vegnamn/adresse gjennom same område. 

I grunngjevinga si om parken skriv Husnes Vekst at namnet er eit godt innarbeidd og dagleg nytta namn for største delen av området. 

– Husnesparken har i lang tid vore nytta både av innbyggjarane, pressa og i offentlege dokument, heiter det i høyringsuttalen. Organisasjonen har søkt i arkiva både til Grenda og Kvinnheringen og funne svært mange treff som dokumenterer synet deira. Første treff i arkivet er frå juni 1993, då det var friluftsgudsteneste i parken. Namnet Husnesparken har såleis vore nytta i meir enn 25 år.

God og positiv klang

Husnesparken gjev god og positiv klang og løftar fram regionsenteret Husnes. Det styrkjer samstundes identiteten og samkjensla til innbyggjarane i området. Det er òg nytta i turguidane til Kvinnherad Turlag og Visit Sunnhordland.

Ved å velja Husnesparken, som nøytralt namn, opnar ein opp for at også andre personar og hendingar kan få minnesmerke der i framtida utan å verta sett i skuggen av Jonas Lie. Det er alt i dag to minnesmerke der, Jonas Lie-støtta og 7. juni-bautaen. Sistnemnde har ein vél så interessant lokal og nasjonal historie å fortelja, understrekar Husnes Vekst i høyringsuttalen sin. Organisasjonen peikar på at det ved kvart minnesmerke i Husnesparken kan setjast opp fine mindre plakettar, som fortel om bakgrunnen for minnesmerka. 

Dette er området formannskapet føreslår skal heita Jonas Lie-parken.

Kan skapa negative assosiasjonar

– Det bør takast omsyn til at namnet Jonas Lie-parken hos mange kan skapa negative assosiasjonar når ein ikkje ser minnesmerket og kjenner samanhangen, skriv Husnes Vekst. Dei peikar på at soneson til forfattaren, som óg bar namnet Jonas Lie, under siste krig var NS-politikar, Waffen-SS-offiser og politiminister både for Terboven og Quisling. Denne Jonas Lie er langt meir omtala i alle søkbare media om nokon skulle lura på namnet Jonas Lie-parken og søkja namnet Jonas Lie. Ei slik kopling ønskjer vi ikkje, skriv styret i Husnes Vekst til sist i uttalen sin.

Då kommunen i haust inviterte innbyggjarane til å koma med forslag til namn på ein del av den nye Opsangervegen, kom det inn langt over hundre forslag. I november hadde rådmannen gått igjennom alle forslaga og deretter samla formannskapet seg om namnet Jonas Lie-parken, som no er ute til offentleg høyring. Fristen for merknadar er 15. februar 2019.

Jonas Lie-støtta i Husnesparken. (Foto: Kristian Hus)

Siste artiklar

Lenker for deg som er ny på Husnes

Lenker for deg som er ny på Husnes

Som nyinnflytta er det mange ting å setja seg inn i. I denne artikkelen har vi samla litt lenker som kan hjelpa deg litt på vegen.

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Me treng ikkje gå til krig mot stordabuen

Husnes Utvikling har sendt eit lesarbrev til avisene i regionen med eit forslag til korleis ein kan ordna med innkorting av ferjesambandet til Stord.