Vel gjennomført årsmøte

Publisert av Kristian Hus

4. mars 2015

I kveld vart det halde årsmøte i Husnes Vekst, og det var eit interessant møte.

Rådmann Trond Sætreng var invitert til å snakke om Husnes som regionsenter og Husnes Vekst si rolle for å styrke Husnes som regionsenter. Han snakka varmt om HV, og meinte at ein organisasjon med slik tyngde som Husnes Vekst har så kan ein få gjort mykje. Han etterlyste og at HV markerte seg meir politisk, og ynskja eit tettara samarbeid mellom HV og Kvinnherad kommune.

Mest spenning var likevel knytta opp mot valet av nytt styre, og valnemnda hadde gjort eit godt arbeid med å finne mange gode kandidatar. Innstillinga vart samrøystes vedteke. Det nye styret vart:

Styremedlemar:

Jan B. Ingvaldsen – ikkje på val – styremedlem
Åsfrid Barstad – ikkje på val – styremedlem
Kari Røstbø – attval, 1 år – styremedlem
Per Magne Bringedal – ny, 2 år – styremedlem
Torill Kleven – ny, 2 år – styremedlem
Oddmund Skår – ny, 2 år – styremedlem

Varamedlemar:

Roald Teigen – ny, 1 år
Kirsten Hals – ny, 1 år

Prosjektgruppe 2015/2016:

Asbjørn Skår
Ole Bjarte Røssland
Sindre Grønningen
Håvard Solheim
Kent Are Kjørsvik Petterson

Revisorar 1 år:

Even Teigen
Merete Moe Røssland

Valnemnd:

Valnemnda instilte på at det nye styret skulle utnemne ei ny valnemnd.

Kent Are Kjørsvik Petterson og Anna Prestnes meldte seg som frivillige til å være i valnemnda. Styret har i oppgåve å finne eit medlem til.

Avtroppande leiar, Kent Are Kjørsvik Petterson, har sjølv bedt om å bli erstatta i styret då han stiller til val i lkoalvalet til hausten.

Styret konstituerar seg sjølve.

Siste artiklar

Folkepub på Husnes

Folkepub på Husnes

Sola skin og det er heldigvis ikkje alle som vurderer å starte opp krig, men vel i staden å fokusere på samling i godt lag. Vi har blitt spurt om å...

Synfaring – Familiepark

Synfaring – Familiepark

I dag var det ein kort synfaring med Byggservice og Husnes Utvikling. Det blir vidare jobba tett med kommunen og andre involverte partar. Vi ser...

Lys i parken

Lys i parken

I går vart paviljongen pynta med lys og i ettermiddag var det dei store lyslenkene langs vatnet sin tur. Til tross for Amy sine herjingar tidlegare...