Foto: Elisabeth Skogseth
Storbygda i Kvinnherad
Velkomen til regionsenteret Husnes
Formålet vårt
Husnes Utvikling er ein frivillig organisasjon som ønskjer å ivareta Husnesområdet sine interesser og å vera pådrivar for ei positiv utvikling. Vi arbeider for at området blir eit slagkraftig regionsenter for industri, handel, service, reiseliv, skule, idrett og kultur. Organisasjonen driv aktivt arbeid for å skapa eit godt bu- og livsmiljø for innbyggjarane.

«Det må gjerast meir for å få folk heim og busetja seg her. Det er òg viktig å leggja til rette for at dei som allereie bur her, blir buande og trivst her.»
Arne B. Olsen
Styreleiar i Husnes utvikling
Visjonen vår
Inkluderande
Eit inkluderande Husnes tilrettelegg for alle aldersgrupper og samfunnslag. Vi snakkar om det fysiske; at ein i rullestol eller ein som køyrer barnevogn lett skal kunne bevege seg rundt på alle offentlege stader. Det skal også vera trygt å vera liten eller gammal. Gode gangstiar til alle fasilitetar som skule og butikkar må tilretteleggast. Alle grupper må kunne føla seg velkommen i dei ulike offentlege rom. Ein må kunne bevege seg i sentrum også på kveldstid og ikkje låsa av sentrumsområdet.
Nyskapande
Eit nyskapande Husnes må følgje med utviklinga og tenkja framover. Det må planleggjast for morgondagen. Energi kjem til å bli eit viktig tema framover og det må Husnes planleggja for. Å nytta spillvarmen frå Hydro Husnes er ei løysning. Det vert stilt større krav til bygningar og energibruk i framtida.
Urban
Husnes Utvikling meiner det må leggjast vekt på urbane strategiar for utvikling av sentrum. Eit urbant Husnes tilrettelegg for at bilar og menneska effektivt skal kunne flytta seg. Gode vegar med oversiktlege vegkryss, gode parkeringsplassar og tilrettelagt felt for gåande og syklande er viktig å prioritera. Ein urban stad har gode møteplassar både på dag- og kveldstid.
Nytt
Her er dei siste oppdateringane frå Husnes Utvikling.
Innkalling til årsmøte
Våren er her og Husnes Utvikling inviterer til årsmøte tysdag 22. april 2025 kl. 18.00. Møtet finn stad i Blackbox i Kulturhuset Husnes. Inngongen finn du i Kvinnherad kulturskule. Vanlege årsmøtesaker. Velkommen!
Årskontigent 2025
Om kort tid sender vi ut faktura for medlemskap i Husnes Utvikling. Det er ein liten auke frå fjoråret, men framleis eit veldig godt tilbod, tykkjer vi. Heia Husnes! Enkel - 300 kr Familie - 420 kr Bedrift - 2000 kr Sponsor - 5000 kr - kjem utanom medlemsprisen. Har...
Status familiepark og fontene
Det er sikkert fleire som lurer på kva som er status for familieparken, samt den mykje omtala fontena i parken. Familiepark: I førre veke hadde vi eit konstruktivt møte med kommunen. Vi har ein tett dialog og håper å komma endeleg i mål innan kort tid. Det har vore...