Foto: Kristian Hus
Prosjekta våre
Trafikksikrings-plan 2019
Tiltak for å betra trafikktryggleiken i Husnesområdet.
Trafikktryggleik har lenge stått sentralt i Husnes Utvikling sitt arbeid. I 2019 meinte styret at det var trong for mange tiltak, store og små, som kunne gje betre tryggleik i heile området. Det vart laga ein trafikksikringsplan med informasjon om i alt 12 risikoområde som styret meinte måtte utbetrast.
Denne planen vart sendt til kommuneleiinga, og i brevet som følgde med stod det: «Vi vonar ordføraren, politikarane og administrasjonen i Kvinnherad kommune kan prioritera og få gjennomført desse tiltaka.»
I dokumentet kan du lesa om alle tiltaka Husnes Utvikling peikte på.
Foto: Kristian Hus