Foto: Elisabeth Skogseth

Medlemskap

Bli med oss på vegen vidare

Husnes Utvikling er ein frivillig organisasjon som ønskjer å ivareta Husnes sine interesser og vera ein pådrivar for ei positiv utvikling. For å nå måla våre treng vi fleire engasjerte medlemmer! 

Kvifor skal eg bli medlem, tenkjer du kanskje? Alle kan jo komma med innspel om oppgåver dei ønskjer at Husnes Utvikling skal ta tak i? Det siste har du heilt rett i! Styret tek imot gode innspel og framlegg til nye oppgåver som må løysast frå både medlemmer og ikkje-medlemmer. Men, ved å bli medlem, gjer du Husnes Utvikling til ein større organisasjon og dermed ein organisasjon med større påverknad. Større påverknad ovanfor politikarar og andre som tek avgjersler, kan gjera at vi får gjennomslag for fleire saker. 

Kva har det å seie for bygda? Om fleire engasjerer seg, kan vi få meir gjort. Om vi som innbyggjarar kjenner at vi får meir eigarskap til bygda og kjenner at vi blir stolte av plassen vi bur, vil vi ta vare på bygda i lag! Som medlem er du med på å visa at vi er mange som er glad i Husnes, som ønskjer at bygda skal bli ein finare plass og ein kjekkare stad å bu og besøka. Saman kan vi jobba for å skapa møteplassar og gjera bygda vår enno betre!  

Saknar du engasjement og ønskjer eit aktivt miljø? Ønskjer du å engasjera deg i bygda di og skapa identitet og stoltheit? Meld deg inn i Husnes Utvikling! Slik kan vi jobba for saker som er viktig for bygda, men òg støtta andre gode tiltak i bygda økonomisk.

Foto: Elisabeth Skogseth

Engasjér deg i bygda di og meld deg inn i Husnes Utvikling!

Årsavgift (i kroner) for 2023 er:

Privat,
enkeltperson

250

Privat,
par

350

Lag /
organisasjonar

500

Verksemder
 

1 500

For å melda deg inn må du fylla ut kontaktinformasjon i felta her slik at vi kan få registrert deg i systemet vårt. Om de ønskjer parmedlemskap, legg inn namna til begge.

Betal enten til kontonummeret vårt eller bruk Vipps:

  • Kontonummer 3207.33.77012
  • Vippsnummer: 133962
    (eller berre søk på «Husnes Utvikling» i Vipps-appen)