Foto: Husnes Båthavn
Om Husnes
Velkomen til regionsenteret Husnes
Regionsenteret Husnes er den største tettstaden i Kvinnherad med nesten 2700 innbyggjarar og ligg ved innseglinga til Hardangerfjorden.
Husnes er handels-, skule- og idrettssenteret i kommunen, og har eit stort utval av tenester, aktivitetar og moglegheiter. Her ligg aluminiumsfabrikken Hydro Husnes (tidlegare Sør-Norge Aluminium), som er den største private arbeidsplassen i kommunen. Det var etableringa av denne fabrikken som førte til at bygda Husnes utvikla seg kraftig på 60-talet.
Foto: Husnes Storsenter
Bygda er i dag i rivande utvikling med stor byggjeaktivitet. Seniorsenteret Husnes med 29 flotte leiligheter stod klar i juli 2022 og idrettsbygget Kvinnherad Arena opna i april 2023. I tillegg har Kvinnherad kommune klargjort eit stort areal i sentrum som er regulert til areal for bustad, næring og sentrumsføremål.
Husnes har blitt kalla handlebyen, og du finn rundt 40-50 butikkar som tilbyr eit stort utval for heile familien. Dei fleste butikkane finn du i Husnes Storsenter som er det største kjøpesenteret i Sunnhordland. Senteret ligg midt i sentrum og her finn du spennande butikkar i tillegg til kafear og restaurantar. Butikkane ligg spreitt på fleire ulike bygg i sentrum og ein oversikt over alle butikkane finn du her.
Foto: Sigrid Bjelland Mathisen
Husnes har fleire spisestader, og ønskjer du å overnatta finn du både hotell, campingplass og ei flott båthamn her. Båthamna vart kåra til landets beste gjestehamn i 2005, 2006 og 2009 i ein prestisjefylt og landsdekkande konkurranse. I 2022 var båthamna igjen finalist, men denne gongen nådde dei ikkje heilt til topps.
Industribygda Husnes er prega av kulturelt mangfald; få bygder har fostra så mange rockeband og artistar som nettopp Husnes. Mange kulturaktivitetar og eit levande musikkliv set sitt preg på bygda, og det nye kulturskulebygget som opna i 2013 har vore med på å bidra til dette mangfaldet. Mellom kulturskulebygget og Husnes Storsenter ligg Nupen-parken som er dekorert av den kjende kunstnaren Kjell Nupen. Diktaren Jonas Lie (1833-1908) budde på Lundagarden på Husnes i sine barne- og ungdomsår.
På Husnes finn du både barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule med fleire ulike studieretningar. Alle desse skulane ligg nær kvarandre med idrettsanlegga rundt seg. I desse dagar planlegg kommunen ny barneskule i same området. Husnes har eit aktivt idrettsmiljø med flotte banar for friidrett og fotball, idrettshall og symjehall. Ved Opsangervatnet finn du ein roklubb og i mars 2023 stod Husnes frisbeegolfbane klar i same området. Ved båthamna ligg ein vakker golfbane samt fotball-, volleyball- og tennisbane.
Langs Opsangervatnet går det ein flott turveg frå parken i sentrum og bort til skulane. I Opsangervatnet kan ein prøva fiskelukka etter innlandsaure. Går ein i andre retninga kjem ein bort til Søral-løypa som går langs golfbanen og Hydro sitt aluminiumsverk. Husnes er òg eit fint utgangspunkt for fjellturar, og fleire merka løyper er tilrettelagde for heile familien.
Foto: Elisabeth Skogseth
Film: Daniel Morso