Mykje å gle seg til i årets festivalprogram!
Kvinnherad Kulturfestival startar på torsdag 12.februar, og helga gjennom er det eit spanande og variert program!
Lokalhistorisk seminar, barokkkonsert, danseoppvising og litteraturkveld i Bergslagen er berre noko av det. Programmet finn ein på kommunen sine nettsider.
Der er verdt å merkje seg at leiaren for Husnes Vekst, Kent Are Kjørsvik Petterson, deltek i paneldebatt under det lokalhistoriske seminaret på fredag. Han har fått i oppgåve å snakke om framtidsutsiktene til Husnes, noko som er grunn nok åleine til å ta turen!