Foto: Kristian Hus

Prosjekta våre

Trafikksikrings-plan 2019

Tiltak for å betra trafikktryggleiken i Husnesområdet.

Trafikktryggleik har lenge stått sentralt i Husnes Utvikling sitt arbeid. I 2019 meinte styret at det var trong for mange tiltak, store og små, som kunne gje betre tryggleik i heile området. Det vart laga ein trafikksikringsplan med informasjon om i alt 12 risikoområde som styret meinte måtte utbetrast. 

Denne planen vart sendt til kommuneleiinga, og i brevet som følgde med stod det: «Vi vonar ordføraren, politikarane og administrasjonen i Kvinnherad kommune kan prioritera og få gjennomført desse tiltaka.»

I dokumentet kan du lesa om alle tiltaka Husnes Utvikling peikte på.

Foto: Kristian Hus