Illustrasjonsbilete: ASK interiørarkitektur

Aktuelle prosjekt

Husnes Familiepark

Ein leikeplass i sentrum.

Husnes har allereie ein flott park, mange turstiar og eit stort idrettsanlegg. Styret som vart valt inn i  2020 såg at Husnes mangla ein leikeplass i sentrum, og slik vart ideen om Husnes Familiepark født. 

Ein slik leikeplass har vore etterspurt av både innbyggjarane på Husnes og av tilreisande og turistar. Området på sørsida av Husnes Camping vart peika ut som eit passande område.

Familieparken skal vera gratis for å fremja trivsel, aktivitet og folkehelse for innbyggjarar og tilreisande. Dette vil bli ein leikeplass og samlingsplass  som skal vera open heile året. Den passar spesielt for barnefamiliar og ungdommar, men her kan alle aldersgrupper kosa seg. Det vil bli lagt til rette  for sitjegrupper i parken der dei vaksne kan sitja og slappa av medan dei små boltrar seg i leikeapparata.

Prosjektet vil setja regionsenteret Husnes på kartet. Vi i Husnes Utvikling ser på Husnes Familiepark som eit spanande og nyttig prosjekt for å auka trivselen på Husnes.

Ein idé blir visualisert

Ved hjelp av ASK interiørarkitektur og arkitekt Linda Helen Johansen Ask fekk styret laga illustrasjonsbilete og ein video som viser korleis ein tenker seg at prosjektet kan bli. Ved idéstart såg ein for seg både ein leikeplass på land og ein vasspark i Opsangervatnet. Det er prosjektet på land ein jobbar med no.

Innsamling av pengar

Styret, med Ellinor Rein i spissen, starta på arbeidet med å samla inn pengar i 2021. I mai same året fekk ein tildelt 175 000 kroner frå Ildsjelfondet til Sparebankstiftelsen Sparebank Vest. 

Lokale firma vart òg kontakta om ein treårig sponsorpakke. Dei som støttar oss på denne måten er Kvinnherad Breiband, Reins Maskinering, Pizzabakeren Husnes, HMR Group, Husnes Sentrum Hotell, Husnes Pit-Stop Service, Stripo Eigedom AS og Husnes Tannlegesenter. 

I februar 2022 vart det arrangert ein digital basar der sjølvaste Arne Torget stod for trekninga. Engasjementet rundt loddsalet var enormt og det vart samla inn rundt 80 000 kroner.

4. april 2022 var ein svært gledeleg dag for prosjektet . Denne kvelden delte Sparebank 1-Stiftinga Kvinnherad ut pengar, og Husnes Familiepark fekk ei tildeling på heile 1 million kroner!  

Samarbeid med kommunen

Tidleg i prosessen hadde vi ein synfaring på tomta med Kjartan Thoresen og Hildegunn Furdal frå kommunen. Neste møte med kommunen var 2. juni 2022. På møtet deltok ordførar Hilde Enstad og varaordførar Leif Sverre Enes, samt kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik via Teams. Etter møtet var ordførar og varaordførar med ned på tomta. Alle tre var svært positiv til møtet og det vart avtalt eit nytt møte på tomta med fleire ansatte frå kommunen.

Allereie 30. juni var neste møte på sjølve tomta. Frå kommunen møtte kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik, sektorleiar for teknikk og miljø Sigbjørn Øye og sektorleiar for samfunnsutvikling Anbjørn Høivik. Her vart det diskutert kva instansar i kommunen som vil bli involvert i eit slikt prosjekt, korleis ein kan søka spelemidler og kva krav det er til sertifisering av leikeapparat. Det vart bestemt at ein til hausten skulle ha eit nytt møte der fleire frå kommunen skulle delta.

3. oktober 2022 kalla kommunen inn til møte på tomta. Dei som deltok var Sigbjørn Øye (sektorleiar for teknikk og miljø), Terje Natland (einingsleiar i Eining for veg og park), Hjalmar Heimvik (arbeidskoordinator i Eining for veg og park), Kristian Helgesen (folkehelsekoordinator), Knut Prestnes (Trio) og Håkon Røstbø frå Husnes Utvikling. Grøfter, eventuelle bruer, dekke, parkeringsplassar for bil og sykkel var noko av det som vart diskutert. Kristian Helgesen informerte om eigna leikeapparat og kva type leikeapparat som løyser ut spelemidler.

Det vart vedteke at å etablera ei lita arbeidsgruppe  med representantar frå Husnes Utvikling, kommunen og Trio for å framskaffa beste løysning for bærelaget, laga ein situasjonsplan for parken, kva apparat som skulle setjast opp, teknisk infrastruktur osv.

Vegen vidare

Vi vil legga ut informasjon her og på Facebook etter kvart som det skjer framsteg i prosjektet.

Innbyggjarar har engasjert seg og sendt inn forslag. Om du lurer på noko om prosjektet, eller har innspel, kan du kontakta oss på post@husnesutvikling.no