Husnes utvikling

Bygdene rundt Husnes

Fjelberg

Fjelberg har ein fantastisk natur og interessant historie. Fjelberg prestegard er eit flott turistmål, som både båtturistar og bubilturistar kan nå. Det er tilrettelagt mange turstiar og turmål i den flotte naturen på Fjelberg. Arrangement som Jul i Juli er eit unikt og svært populært arrangement.

Overnatting

Fjellberg er ei av sunnhordland si flottaste perle. For og komme hit må du enten ta ferja frå sydnes på Halsnøy eller privatbåt. Det er båthanm tilgjegelig for overnatting for tilreisande. Det er butikk like ved hanma, og området byr på mange spennande aktivitetar og turmuligheitar for heile familien. 

Ting å gjera

Fjellberg prestegard

Fjellberg Prestegard er ei ideell strifting. Anlegget, som er freda, er i dag rekna som ein av landet sine best bevarte anikvariske prestegardar.  Det er utvikla eit spennande manglfald i bruk av annlegget. Her kan ein blandt anna oppleva lokale arrangement som kosnertar, marknad, slektsstemner og kjyrkjekaffe. Fjellberg sit arrangement « JUL I JULI» er eit populært arrangement som altid er utsolgt og svært ettertrakta. 

Halsnøy

Halsnøy har flotte turistmål der ein har overnattingsmuligheter både for båtturistar, bubilar og hytteutleige med eiga hinderløype som kan utfordra den sprekaste av den spreke, handlemuligheter for alle og ikkje minst Halsnøy Kloster med si mangehundreårige historie.

Bubilcampen og båthanma finn ein i sentrum av den idyliske perla i illøpet av Hardangerfjorden.

Overnatting

Halsnøy har flotte turistmål der ein har overnattingsmuligheter både for båtturistar, bubilar. Bubilcampen og båthanma finn ein i sentrum av den idyliske perla i illøpet av Hardangerfjorden.

Sæbøvik hamn 

Tilbyr 40 gjesteplassar for tilreisande og kortidsbesøkande. Alle båtplassane er utstyrt med utrigger og fortøyningsbom og kan tilpassat kvar ½ meter bredde etter behov. 

Her finn ein og bubilcamp tilrettelagt med strøm, vatn, sanitærannlegg. Dysj, toalett.

Fasilitetar på området er volleyballbane og leikeplass for barn. Hamna har og eit flott badeannlegg.

Kolsøy hytteutleige

Har åtte flotte feriehus til utleige. Området egnar seg fodt for fiske, bading, turar og båtutflykter. 

Ting å gjera

Halsnøy kloster

Halsnøy kloster er eit av fleire historiske tun i sunnhordland museum sine samlingar og blir drifta som eigen avdeling, so museum og ein aktiv kulturarena. Gjennom heile året er det små og store tilskipingar som omvisningar, utstillingar, føredra, konsertar og klosterdagen. 

Sommmarope: 16.Juni- 09.August
Tysdag-Sundag kl 11.00-n16.30.
Faste omvisningar kl. 11.30, 13.00 og 14.30.

Fiskefestivalen

Halsnøy er kjent for sin årlige fiskefestival som går over to dagar om sommaren. Sentrum blir rigget for skaldyrsaften med musikk og dans. På dagtid er det den storslåtte fiskekonkuransen med andre kjekke aktivitetar og tilbod på land. 

Turstiar

Tofteåsen
Trollåsen
Sydnessåta
Ranmakulten
Hamburfjell
Svartaberg
Tjodbergshaugen
Håfjell
Borgundnuten

Mat og drikke 

Trallehuset

Asiatisk restaurante lokalisert midt i sæbøvik sentrum. Her får du servert både norsk og asiatisk mat. 

Klippers Cafe & bar

Ein koselig cafe&bar kor ein kan slå av ein prat med god mat og drikke. Lokalisert i Halsnøy samfunnshus likeved båthanma og bobilcampen. Topp moderne lokaler med en behagelig atmosfære og nydelig mat!

Valen

Valen har ein unik historie knytt til Valen Sjukehus. Her har turistar høve til å besøkja dei gamle salane som no er museum og sjå korleis historia innan psykriatrien har utvikla seg. I tillegg er den flotte  gamle kraftstasjonen til sjukehuset opprusta og renovert. Denne er òg nytta av elevar på Kvinnherad vidaregåande skule som lekk i undervisninga. Flotte turmuligheter og bademuligheter er ein av kjennemerka til den flotte solrike bygda.

Ting å gjera

Valen sjukehus

Dei gamle salane på Valen sjukehus er rusta opp og gjort om til museum. Her kan ein sjå korleis histora innan psykriatrien har utvikla seg opp gjennom tida. 

Kraftstasjonen

Den flotte gamle kraftstasjonen til sjukehuset er opprusta og renovert. Her kan ein få eit innblikk i korleis ein kraftstasjon virker, samt eit innblikk i utviklinga i denne markanden. 

Turstiar

Handelandsdalen
Varden på sandvoll
Vikefjell
Vardhaugselet
Nordfjell
Ulvanosa

Sunde

Sunde med si rike kystkulturhistore er òg viktig å få fram. Gravdal Skipsbyggeri bygde alt frå jakter, galeaser og skonnertar til kutterar, og var rundt 1910 den fremste av dei tre store trebåtbyggjeria i fylket. I 1930 var Gravdal Skippsbyggeri det største trebåtbyggjeriet i landet.

Sunde Kyst og Litteratursenter som nyleg har fått reist heilt nytt bygg på grunnmuren etter Lars Tveit sitt gamle trebåtbyggjeri, har samla alt av informasjon knytt til dokument, teikningar og halvmodellar etter Gravdal Skipsbyggeri. Eldskjelene her har òg store og spanande planar klare for å vidareutvikla dette senteret. Sunde har ei lang og rik historie og det er viktig å formidla denne til både våre eigne innbyggjarar og tilreisande.

Vaage bryggeri held og til på Sunde. Bryggeriet har på kort tid markert seg i markedet, og leverer kvalitetsøl som er godt ettertrakta både i og utanfor kommunen. Den mangeårige historia til Sunde blei formidla i ein kortfil serie av Offerdal film, og fekk fram den mangeårige historia bygda har.

Ting å gjera

Sunde kystkultursenter

Sunde kystkultur senter gir eit innblikk i historia til Sunde. Her kan ein blandt anna sjå dei gamle tegningane frå båtbyggerifabrikken, hermetikk fabrikken, og båtar produsert på sunde.  Her kan du og få leiga kajak og ta kurs hos Kvinnherad Kajakksenter.

Turstiar

Fenafjell

Turen starter ved rundkjøringa som går inn til Halsnøytunellen, også kjent som «podlen». Her er det tilrettelagt med parkeringsplasser. Dette er en lettt tur som passar for alle. Turen tar omlag 1 time.

Bjellandsneset

Turen starter ved parkeringsplassen i enden av Vardhaugvegen på Bjelland, der skogsveien starter. Her er det parkering for 3-4 biler. Turen er estimert til 1.5-2.0 timer, i ulent terreng. Ein vil her oppleva norsk natur på sitt beste, der ein går i skog, langs skjø og får fine utsiktspunkt mot sjø undervegs. Turen har rasteplasser med benker.

Åkra

Ting å gjera

Hesteridning

Dersom du er glad i hesteridning, kan du oppleve Kvinnherafjella på hesteryggen. I åkra kan du melde deg på fellestur i gruppe og få ei magisk opplevelse. Til åkra kjem du både med bil og båt, og er eit unikt og flott tilbod ! 

Eit gjennomgåande tema på alle lokalitetane er at det er eit stort og bredt turtilbod som passar for alle.