Vil du vita meir om Husnes si historie?

Publisert av Sigrid Bjelland Mathisen

20. mars 2026

Husnes Utvikling er ein frivillig organisasjon som ønskjer å ivareta Husnes-området sine interesser og å vera pådrivar for ei positiv utvikling. Den franske filosofen Simone Weil har sagt: «Dersom ein ikkje kjenner fortida, forstår ein ikkje notida, og eignar seg heller ikkje til å forma framtida.» Vi ønskjer å leva opp til dette og vil difor å stå som arrangør av denne føredragsserien.

Åsmund Kåre Rørvik har laga og halde to føredrag i Senioruniversitetet om Husnes sin gamle historie og dei store endringane frå 1962 og utover. Senioruniversitetet sine arrangement var på dagtid, og mange har ytra eit ønskje om at desse føredraga måtte gjerast tilgjengeleg på kveldstid. Dette har Husnes Utvikling valgt å gjera noko med, og inviterer til føredrag to kveldar i april . Vi vonar dette vil vera med å byggja identiteten til Husnes og engasjera til vidare samhald og engasjement for alle dei som bur i området.

DEL 1: HUSNESOMRÅDET – GAMAL HISTORIE FRÅ 1500-TALET OG TIL VEDTAK OM ALUMINIUMSVERK.

Dato: Tysdag 14.04.2026 kl 18:00
Stad: Kinosalen i Kulturhuset Husnes

Åsmund Kåre er fødd og oppvaksen på bureisingsbruket Lyngstad, garden som ligg mellom hovudvegen i Onarheimslio og Hydro. Han bur der og i dag som nær nabo til aluminiumsverket. Han har samla mykje historie og har digitalisert bilete og vil i denne presentasjonen fortelja om Husnesområdet si historie frå 1500-talet og fram til 1962.

Noko av det vi skal få høyra og sjå er:

  • Kva aktivitetar, institusjonar og samfunn var det her i tidlegare tider?
  • Korleis var det i 1962 då storindustrien brått kom?

Vidare vil han fortelja om bakgrunnen for at det kom aluminiumsindustri til bygda og den politiske prosessen rundt det. Dette førte til mykje «bruduljar» på stortinget, og «Husnes-saka» vart eit nasjonalt politisk omgrep på denne tida med omtale i alle avisene i landet. Presentasjonen vert avslutta med kart over dei 24 fine heimane og dei 4 feriebustadane i industriområdet (ekspropriasjonsområdet). Dei som budde der fekk på kort varsel melding om at dei måtte flytta ut, at bygningane skulle rivast og at hagar og områder som dei hadde dyrka og stelt med skulle jamnast med jorda. Dette var starten på ei vanskeleg og uventa tid for dei fleste.

DEL2: HUSNESOMRÅDET – STORINDUSTRIEN KJEM I 1962 MED STORE ENDRINGAR

Dato: Torsdag 23.04.2026 kl 18:00
Stad: Kinosalen i Kulturhuset Husnes

Denne gongen vil han fortelja om dei store endringane i Husnesområdet frå då industrireisinga starta i 1962 og utover på 1960-talet. Først vil han visa ca 40 fine flybilete av, og fortelja litt om, alle heimar og hytter i området Løvvik, Aksnes, Langgåt, Langaneset, Øyranger, Risnes, Onarheim, Bogsnes, Helland og Askedåso. Bileta er tekne av Fjellanger-Widerøe i mai 1962, før dei som budde her visste kva som ville hende.

Så fortel han om tida frå 1962 og utover på 60-talet. 24 fine heimar og 4 hytter sentralt i dette området måtte frå-flyttast på kort varsel for deretter å verta jamna med jorda. Det starta med stor uvisse og utryggleik for mange med tvangsavståinga (ekspropriasjonar) av heimar og områder. Kvar skulle dei som måtte flytta byggja seg nye heimar? Deretter vil han fortelja om, og syna bilete frå anleggstida med dei store fysiske endringar. Og kva med lokale/sentrale styresmakter si rolle i å tilretteleggje bustader og infrastruktur for dei som skulle flytta her til og arbeida på al-verket?

Siste artiklar

Årsmelding

Årsmelding

Lurer du på kva som har skjedd i 2025 og kva planar vi har for 2026? Her kan du lesa årsmeldinga!

Innkalling til årsmøte

Innkalling til årsmøte

Husnes Utvikling inviterer til årsmøte tysdag 10. mars 2026 kl 18.00. Møtet finn stad i Møterom 1 - Kulturhuset Husnes. Inngongen ved Festsalen....

Folkepub på Husnes

Folkepub på Husnes

Sola skin og det er heldigvis ikkje alle som vurderer å starte opp krig, men vel i staden å fokusere på samling i godt lag. Vi har blitt spurt om å...