Lys i parken

Publisert av Husnes Utvikling

17. november 2025

I går vart paviljongen pynta med lys og i ettermiddag var det dei store lyslenkene langs vatnet sin tur. Til tross for Amy sine herjingar tidlegare i haust har Even Teigen, Jøren Røstbø og Anders Teigen gjort ein kjempejobb❤️

Vi vil også retta ein stor takk til Helge og Gry Hege på Husnes Camping som lar oss få kopla til straumen hos dei😍 Om de tar turen forbi lysa ein kveld kan Gry Helges Bar & Restaurant frista med både god mat og noko varmt å drikka🍕🍛🥩☕️

Siste artiklar

Rosa sløyfe-løpet Kvinnherad 2026

Rosa sløyfe-løpet Kvinnherad 2026

Laurdag 10. oktober blir løpet arrangert ved idrettsbanen på Husnes. Løpet blir arrangert av jentene bak Social Run Kvinnherad og Husnes Utvikling gler seg til å bistå med gjennomføringa.