Husnes utvikling

Namn som før; Husnesparken og Opsangervegen

15. april 2019

Det blir ingen endringar i namna på Husnesparken og delar av Opsangervegen, slik formannskapet hadde føreslege. Dei har lytta til protestane frå Husnes Vekst og mange andre – og legg saka død.

Det var ordføraren som i februar i fjor lyste ut ein namnekonkurranse for området i samband med opninga av miljøgata mellom bensinstasjonen og hotellet.

– Vi må lytta til kva folk seier, og her har det vore ein del motstand, sa ordførar Peder Sjo Slettebø då politikarane i formannskapet diskuterte saka.

Kai Morten Torget (Frp) føreslo å senda saka vidare til kommunestyret for endeleg avgjerd, men fekk ikkje medhald for det. Dermed vart namnekonkurransen avlyst.

Då kommunen i fjor haust inviterte innbyggjarane til å koma med forslag til namn på ein del av den nye Opsangervegen, kom det inn langt over hundre forslag. I november hadde rådmannen gått igjennom alle forslaga og deretter samla formannskapet seg om namnet Jonas Lie-parken. Men det ville eit stort fleirtal på Husnes ikkje ha noko av.

– Det bør takast omsyn til at namnet Jonas Lie-parken hos mange kan skapa negative assosiasjonar når ein ikkje ser minnesmerket og kjenner samanhangen, skreiv Husnes Vekst i ein uttale. Styret peika på at soneson til forfattaren, som óg bar namnet Jonas Lie, under siste krig var NS-politikar, Waffen-SS-offiser og politiminister både for Terboven og Quisling. Denne Jonas Lie er langt meir omtala i alle søkbare media om nokon skulle lura på namnet Jonas Lie-parken og søkja namnet Jonas Lie. Ei slik kopling ønskjer vi ikkje, skreiv styret i Husnes Vekst blant anna.

Husnes utvikling

Husnes utvikling er ein frivillig organisasjon som ønskjer å ivareta Husnesområdet sine interesser og å vera pådrivar for ei positiv utvikling. Husnes utvikling arbeider for at Husnesområdet blir eit slagkraftig regionsenter for industri, handel, service, reiseliv, skule, idrett og kultur. Organisasjonen driv aktivt arbeid for eit godt bu- og livsmiljø for innbyggarane i Husnesområdet.

Siste innlegg

Fritidsmessa 2022

Fritidsmessa 2022

I strålande solskinn vart årets fritidsmesse arrangert på Husnes i helga.